Rekordoverskot på samfunnsrekneskapen til Sogn og Fjordane!

Denne overskrifta kunne, eller skal eg heller seie burde, stått på trykk i Dagens Næringsliv eller Finansavisa med følgjande ingress: Verdien på fylket auka vesentleg som følgje av at endå fleire verksemder og enkeltpersonar såg nytten av å bruke ressursar og fritid på fellesskapet for å skape eit rikare, sosialt liv.

Etter å ha vore med på nokre av dei store arrangementa i fylket sist helg, ser eg kor viktig samfunnsengasjementet til enkeltpersonar og næringsliv er. I denne bloggen skal eg først og fremst konsentrere meg om næringslivet sitt bidrag, enkeltpersonane skal heller få mykje og velfortent merksemd når vi kjem til Eldsjelsamlinga på Skei den 30. august. Meld deg på om du ikkje har gjort det!

Samfunnsengasjement – eit leiaransvar

Eg skulle gjerne sett at vi fekk like mykje merksemd rundt bedriftene sine samfunnsrekneskap, som det vi har rundt det tradisjonelle rekneskapet. Det siste er nok ikkje til å unngå med strenge krav til rapportering og kontroll, men eg trur framleis mange næringslivsleiarar undervurderer kor viktig samfunnsengasjement er. Det er heller ikkje til å kome ifrå at dette ofte har samanheng med leiaren sine interesser og bakgrunn. Eg må berre sjå på meg sjølv. Det er ikkje sikkert at banken sitt engasjement i idrett, lagsarbeid og andre kulturaktivitetar hadde vore så stort om ikkje eg sjølv har vakse opp med, og sett kva slikt arbeid løyser ut av aktivitet og gode krefter. Eg trur også det løner seg, reint kommersielt. I alle fall i det lange løp.

La meg nemne nokre få av dei som bidreg til fellesskapet og gjer Sogn og Fjordane til ein rikare stad å bu:

Hotel Alexandra tapte sjølvsagt pengar på Skåla Opp dei første åra. Saman med oss, og fleire lokale eldsjeler drog dei denne spenstige ideen frå tankestadiet over i realisering. I dag er det kanskje det mest profilerte motbakkeløpet i verda, hotellet er fullbooka og det er god marknadsføring for heile regionen.

Eit vellukka NM i friidrett på Byrkjelo hadde sjølvsagt ikkje vore mogeleg utan ivrige og lojale, regionale verksemder som Coop Vest, Enivest, SFE, Firda og Volvo. Florø Turn og IF, som hadde tidenes helg under NM, har alltid hatt gode støttespelarar i næringslivet som gjer til at dei er blant dei fremste friidrettsklubbane i landet.

Alex Vassbotn legg verksemda sine pengar i eit kompetansesenter for oppdrettsnæringa, og Eikefjorddagane og Utkantfestivalen kunne ikkje vore arrangert utan engasjerte bedriftsleiarar som Anders Sunnarvik og Ola Braanås. Dei brukar både si eiga tid og verksemdene sine midlar for å realisere draumane sine til glede for alle som vil delta.

I Førde kunne vi ikkje ha realisert Hafstad idrettspark utan ”startkapitalen” frå banken på 8 millionar og i Sogndal har Lærum vore fotballen sin viktigaste og mest trufaste samarbeidspartnar gjennom ei årrekkje.

Det er nok ikkje alle år ein har klart å ”rekne heim” denne pengebruken, men over tid er eg overtydd om at verksemdene får positive tal også av dette.

God inntening er grunnlaget

Poenget mitt er at eg skulle ønskje vi fekk fokuset litt bort frå ”kor mykje ein tener” til ”korleis er det vi forvaltar verdiane og ressursane våre”. God inntening vil alltid vere grunnlaget for at vi også har noko å bruke, men eg trur dette heng saman i sterkare grad enn kva vi trur. Synleg og profesjonelt samfunnsengasjement blir lagt merke til og skaper lojalitet til verksemda. Det trur eg mellom anna vi kan dokumentere. Den andre effekten er at det skaper engasjement, stoltheit og dermed også trivsel hos dei tilsette. Som leiar blir eg også stolt av verksemda og dei tilsette sitt engasjement. Eg trur ikkje det er berre eg som har det slik.

Til slutt må eg også nemne at kommunane og fylket har ei viktig rolle i å syte for at grunnlagsinvesteringane er på plass. Alt kan ikkje løysast gjennom loddsal, frivillig innsats og rause sponsorar. Vi har mange fine skular og anlegg i fylket. Sjå berre til Gloppen som verkeleg har lagt seg i selen for å ruste opp Byrkjelo Stadion før NM, samstundes som Trivselshagen skal realiserast.

Vi har eit fantastisk godt samfunnsrekneskap i Sogn og Fjordane! Eg er både stolt og glad for å representere ei verksemd som gir sitt bidrag!