Tre mot tre hundre

Tre mot tre hundre. Det er nesten slik det følas. Nervepirrande. Spennande. Utfordrande. Dei tre jentene eg møtte på Byrkjelo stadion var full av pågangsmot. Dei var skikkelig gira. Det er NM på heimebane, og som kick-off skal nesten 300 barn frå Nordfjord og Jølster samlast for å bli betre på kast til hopp og presisjon!


Kristiane Rygg (18), Inger Margrete Sørland (16) og Silje Kristin Moldestad (16) er unge leiarar. Dei er tre av hundre som Norsk Friidrett har plukka ut til å gjennomføre eit utdanningsprogram for å bli betre leiarar, og for å utvikle ungar og ungdom som ynskjer å drive med friidrett. Til Byrkjelo hadde dei med seg barnehagepakken. Ein pakke som består av 12 ulike aktivitetar der formålet er å skape treningsglede og få opp rekrutteringa blant unge utøvarar.

Kristiane, Inger Margrete og Silje Kristin er halvegs i utdanninga si. Dei stortrives. Mykje av det dei lærer tek dei med seg inn i kvardagen sin. Kristiane går på Idrettslinja på Firda Vgs. Ho har treningslære på skulen, og synes det er ekstra kjekt å være ung leiar ”ekstra motiverande å kunne lede folk, organisere og ikkje minst sjå den treningsgleda som barn har når dei får prøve nye ting”. Inger Margrete og Silje Kristin er også trenarar på fritida, og sjølv om ikkje dei lenger er aktive sjølv ligg det mykje inspirasjon i å sjå dei aller miste i fri utfoldelse.

På fredag på Byrkjelo fekk dei erfaringar – og dei gjorde ein fabelaktig jobb. At NM var på heimebane for dei tre jentene gav også det lille ekstra. Iført flott ”sprek og frisk” t-skjorte var dei stolt sponsor saman med oss. Sjå bilete frå Kongle NM i fridrett her.