Du og eg på prøve

17. mai-tog den 25. juli 2011. I tog for fred, fridom og demokrati, midt på sommaren. Noko slikt har neppe nokon av oss opplevt før. For mitt vedkomande vart det ei markering til ettertanke. Rundt meg i toget i Førde gjekk minst 2.000 menneske, unge som gamle, mørke som kvite, folk med stav, folk i rullestol. Med eitt fekk desse verdiane som vi nesten ler av på nasjonaldagen, fordi vi tek dei for gjett, eit fornya innhald. Fred utan vald, fridom utan frykt, demokrati bygt på respekt har på nytt blitt kampsaker etter den ufattelege massakren på Utøya og i Oslo.

Vel heime vart eg sitjande og sjå på markeringa på Rådhusplassen i Oslo. Det var den same stemninga av nærleik og varme som prega gaterommet i hovudstaden som i Førde. ”Gater fylt av kjærlighet,” sa kronprins Håkon. ”Norge har bestått prøva,” sa statsminister Jens Stoltenberg mens 200.000 menneske løfta eit hav av roser i veret.

Ja, Norge har vist si beste side i denne tragedien med roser i staden for våpen, med omsorg i staden for hat, med varme i staden for kulde. Men det er i tida framover vi skal bevise om vi har bestått prøva. Det er når faklane har slokna og den normale kvardagen er tilbake for fullt, vi skal vise at vi har lært og utvikla oss til rausare og varmare menneske. Det er då vi verkeleg kan setje drapsmannen i Oslo på plass med større respekt for innvandrarar, sterkare vilje til integrering, mindre mobbing og mindre sjikane av kvarandre.

Eg er veldig spent på om den reinvaskinga, som mange påstår nasjonen har vore gjennom dei siste dagane, vil få slutt på den hatske og usiviliserte tonen i kommentarfelta i nettavisene? Eg er veldig spent på om politikarane vil leve opp til dei store orda, eller om dei går laus på kvarandre i kjent stil når valkampen er i gang om eit par veker? Men ikkje minst er eg spent på om eit rausare samfunn inkluderer minoritetar, innvandrarar og menneske med andre behov enn det store fleirtalet? Alle ofra og alle pårørande etter tragedien den 22. juli fortener verkeleg at du og eg består denne prøva når blomsterhavet er visna og gløymt.