Skal det aldri bli skikkelig sommar?

Det er få ting som opptar oss nordmenn meir enn veret for tida. Bortsett frå nokre få fine dagar inn i mellom, har det nesten regna konstant dei siste månadane. “Syden er utselt” høyrde eg på radioen i går. Dette fekk meg til å tenke litt. Kva er eigentleg denne sommaren som vi støtt ventar på?

Eg leitar opp Wikipedia. Tastar inn “sommer”. Ingen treff. Er det verkeleg ingen som har skrive noko om denne ettertrakta sommaren på norsk? Eg prøver meg på engelsk, “summer”. Her får eg straks treff;

“Sommar er den varmaste av dei 4 årstidene, som skjer mellom vår og haust. Datoen for starten på sommaren varierer i forhold til klima, kultur og tradisjon. Når det er sommar i sør er det vinter i nord og omvendt. Sommar er tradisjonelt sett assosiert med varmt og tørt ver”. (Oversett utdrag)

Sidan sommar på Vestlandet sjeldan er det same som sommar i resten av Norge, så føler eg det trengs ei viss inndeling. Så eg kladdar ned mitt eige forslag til artikkel på Wikipedia:

SØKEORD: “SOMMAR PÅ VESTLANDET”

Sommar på Vestlandet er den kortaste av dei 4 årstidene, den inntreff oftast eit par dagar i juli. Datoen for dei to dagane varierer i forhold til nedbørsmengde, plassering av lokale regnbyer og temperatur.

Vanar og aktivitetar om sommaren på Vestlandet (Kan også gjelde for resten av Norge): Når det er sommar kjem dei fleste vestlendingar ut av huset sitt, som oftast blir dei observert ein god del meir lettkledd enn til vanleg, gjerne lett raude i ansiktet og gråbleike elles.

Det kan nemnast at det vanlegaste samtaleemne blant vestlendingane i tida rundt desse to dagane er veret. “Skal det ikkje snart snu?”, “Har vi ikkje fortent litt fint ver no” og “Skal det aldri slutte å regne?” er vanlege setningar ein kan høyre. Når sommarveret er på plass, er dei fleste fornøgde i to timar, før ein så smått byrjar å høyre: “No e’an heite” og  “Eit par grader mindre hadde no vore meir enn godt nok”.

Så snart dei to sommardagane dukkar opp, er det fleire nesten lovpålagde aktivitetar vestlendingen må igjennom. Grilling, festivalar og utepils er slike. Her det også mulegheiter for ekstremsport for dei som skulle vere interessert i det. Den mest vanlege ekstremsporten kallast bading og skjer i dei kalde fjordane som det fins så mange av på Vestlandet. Andre risikoar på Vestlandet sine sommardagar kan vere solforbrenning, og at du blir blenda av kvitbleike, bare overkroppar.

 

Til tross for dette, er no eigentleg Vestlandet ein bra stad å bu på. Sjansen for at sommaren skal dukke opp er fortsatt til stades, men er du ein av dei som rakk å få deg sydentur før det vart “utselt”, så hugs at det alltid er lurt med to kort og at du må opne regionsperra for landet du skal til. Fleire lure tips finn du i artikkelen «Kortvett i sommar».

Fortsatt god sommar!