Bærekraftige kommunar

Denne veka har det vore ein interessant debatt i Dagens Næringsliv basert på ei undersøking frå NHO som rangerer kommunane i Norge ut frå kor bærekraftige dei er. La meg seie med ein gong at statistikk av dette slaget må ikkje takast som heile sanninga. Til det er det for unyansert og basert på nokre variablar som på langt nær dekker alt. Men likevel. Dette er interessant og det forundrar meg at det ikkje får meir merksemd i lokale og regionale media. Her er eit godt grunnlag for reflekterte og dagsaktuelle kommentarar og diskusjonar.

Kommunane er på mange måtar bærebjelken i velferdssamfunnet med ansvar for å tilby sentrale tenester til innbyggjarar og næringsliv. Samtidig har kommunesektoren betydelege oppgåver i å legge til rette for vekst og utvikling. Samanlikning mellom kommunar kan gi auka merksemd rundt sentrale utviklingstrekk og bidra til debatt og ny kunnskap om korleis det kan leggast til rette for å utvikle vekstkraftige lokalsamfunn. I så måte har denne undersøkinga sin verdi.

Det er valt fire hovudområde for å beskrive vekstkraftig utvikling, her definert som positiv utvikling i næringsverksemd og busetting i kommunen.

Arbeidsmarknaden med fokus på kor stor del av bebuarane som deltek i yrkeslivet.

Demografi med fokus på alderssamansetning, befolkningsutvikling og flyttemønster.

Kompetanse med fokus på tal høgskuleutdanna i yrkesaktiv alder.

Økonomi som fortel noko om kommuneøkonomien og økonomisk handlefridom.

Som eg sa innleiingsvis, ikkje dekkande for alt, men utvilsamt gode indikatorar på framtidig bærekraft.

Resultata viser at kommunane i Sogn og Fjordane kjem rimeleg godt ut med med 8 kommunar mellom dei 100 beste. Førde heilt oppe på plass 28. Ikkje uventa er det på området arbeidsmarknad vi gjer det best, medan demografi er i den andre enden. Igjen slår det meg at vi har ressursane, men vi blir ikkje attraktive nok i konkurranse med meir sentrale strøk. Dette merkar vi aller mest i gode tider då arbeidsmarknaden er stram og tilboda mange.

Så til debatten rundt dette tema. Johan Petter Barlindhaug som eg kjenner godt frå mi tid i Tromsø, seier i DN frå torsdag at; – det er ei politisk holdning i Norge at det viktigaste er å gi meir til dei det er mest synd på. Ein må akseptere at det i enkelte kommunar blir færre. Her må politikarane bli langt tøffare til å prioritere. Sitat slutt. Vi er vel kanskje her ved det som nettopp er politikk, det å prioritere, men samtidig så utruleg vanskeleg. Kjenner vi oss igjen?

Ein annan nord-norsk ”høvding” kjem frå kystkommunen Vega som enda på plass 421 i kåringa. Han kritiserer politikarar og forståsegpåarar for skepsis og motvilje mot nye idear og viser til motstanden mot petroleumsverksemd i nord. Eg klarer ikkje heilt å unngå å tenkje på motstanden mot vindkraftutbygging på vår eigen kyst, utan å ta konkret standpunkt til nokon av desse prosjekta. Heldigvis avsluttar han intervjuet med ei oppmoding som eg sjølv synest eg fremmar i mange samanhengar. Samhandling internt i landsdelen!

Resultata frå undersøkinga stemmer (ikkje overraskande) svært godt overeins med kartet som viser befolkningsutviklinga i kommunane i fylket vårt. Det er difor også ei stadfesting av at noko i denne undersøkinga er sant og relevant. Eg skulle difor håpe at fleire dukka ned i rapporten, både politikarar, journalistar og næringslivsleiarar. Ein grundig gjennomgang ville vere eit godt utgangspunkt for ein konstruktiv strategidiskusjon i eit kvart kommunestyre.

Her er linken til heile rapporten