Frå Furevika til Bournemouth

Bachelor i animasjon - The Arts University College i BournemouthDet var med stor glede eg fekk meldinga om at eg hadde motteke Furorestipend i fjor haust. Det siste året har i hovudsak gått med til å produsere ein 3 minutt lang animert kortfilm, Klovesteinen, inspirert av ei segn frå Førdeområdet. Det har vore ei utfordring å vere teamleiar, men det har vore ei spanande og lœrerik oppleving. Dei tre sunnfjordjentene i feletrioen Pretiosa har komponert musikken som akkompagnerer bileta som eg og resten av gjengen i England har kokt ihop.

Siste året har eg jobba med å fullføre denne bacheloroppgåva i animasjon på The Arts University College i Bournemouth, og då kom det godt med å ha ein ekstra slant på kontoen for å halde maskineriet gåande.

Framføre meg har eg no eit 3 månadars praksis program i Luxembourg, og eg har søkt meg  jobb i London, så tida vil vise kvar eg endar opp. Med stipendet kan eg no investere i programvare og diverse verktøy som er viktige å ha når ein driv med animasjon.

Her er nokre skisser og bilde frå animasjonsarbeidet mitt med Klovesteinen:

 

Eg vil anbefale alle som driv med kreativt arbeid om å søke Furorestipend, og håpar eg får sjå fleire vinnarar som driv innan film, animasjon og ikkje minst interaktive medium.

Lukke til!
Helsing Anders

Her kan du lese meir om kva Furorestipend er og korleis søkje.