Norge på sitt beste

Foto: Andreas Mihatsch

Verdas lengste TV-program på 5,5 døgn fenga det norske folket. Over 2,5 millionar nordmenn ”sigla” med nrk2 langs norskekysten, og let seg facsinere av landskapet, folkelivet og ikkje minst det himmelske kveldslyset i nord. Sjølv statsministeren vart sitjande å glane, og kommenterte på si Twittermelding at ”dette er Norge på sitt aller beste.”

Mange refleksjonar
Ein kan dra mange refleksjonar rundt den enorme interessa for direktesendinga frå Bergen til Kirkenes, som minner mest om 17-maistemning i 134 timar. Ei av dei, er den sterke nasjonalkjensla i dette landet for norsk natur, kultur og historie. Ei anna, er trongen til å roe ned i kontrast til eit hektisk liv, skrikande reklame og kjappe nyheitsinnslag  på tv-skjermen. Eg vel å stoppe ved ein tredje innfallsvinkel, nemleg eit nytt bevis på at Norge er ein kyst- og sjøfartsnasjon og bør manne seg opp til å ta konsekvensen av det. 

Tid for skipstunnel
I 1983 lagde eg eit radioprogram om fordelane ved ein skipstunnel gjennom Stadhalvøya. Etter den tid har det norske byråkratiet og den norske politiske eliten klart å lage 18 utgreiingar om dette eineståande prosjektet utan å fatte eit einaste vedtak om bygging. Det er uforståeleg, pinleg og ansvarslaust etter mitt syn. Stadhavet er eit av verdas røffaste havstykke på grunn av vindane og straumane frå vest og dei spesielle grunnforholda utanfor Stad. Ein skipstunnel vil redusere ein stor barriere for auka skipstrafikk langs Norskekysten og gjere det mogleg å auke godstransporten til sjøs, opprette hurtigbåtsamband mellom Stavanger og Ålesund, skape ein ny turistattraksjon og spare fiskeflåten, laksenæringa og oljeindustrien for store ekstrautgifter.

Frå veg til sjø
Eit containerskip kan erstatte 150 trailarar på E39.
Eit vanleg fraktefarty kan erstatte 30-40 trailarar gjennom Gudbrandsdalen.
Kystflåten kan spare 60-70 millionar kroner i året på venting og skade på lasta rundt Stad.
Med ein Stadtunnel kan hurtigbåtnæringa lage kystens lyntog  så å seie over natta.

Kan kystpolitikarane bruke makta?
– Norge på sitt beste, seier statsminister Jens Stoltenberg om siglasen langs kysten. Som leiar for nasjonen, bør han følgje opp det han ser og realisere Stad skipstunnel. Han har allereie støtte frå LO som har argumentert med store fordelar ved å få meir gods over frå bil til båt. Det handlar om færre ulukker, mindre forureining og mindre slitasje på vegane. Det handlar om å utnytte og rasjonalisere den fenomenale sjøvegen. Det handlar om at sjøfartsnasjonen Norge går i bresjen og byggjer verdas første skipstunnel. Vi har både ressursane og kompetansen til å klare det. Om statsministeren framleis vegrar seg, må alle kystpolitikarane på Stortinget bruke makta si og vise kvar leia skal gå.  At dei ikkje har gjort det for lengst, er for meg ei gåte.