Furore – begeistring og stormande jubel

Furorevinnarar 2011 Det er få ting som gjer meg så stolt av å kome frå Sogn og Fjordane som når nokon herifrå presterer blant dei beste i verda. Det er nesten same kva “grein” det er snakk om, design, kunst, kultur eller idrett. Det er så flott når nokon herifrå greier å skape ei kollektiv stoltheit som vaskar vekk fogderi og kommunegrenser.Det er gøy å kunne peike og seie stolt “han er frå same stad som meg” – sjølv om han gjerne kjem frå Årdal og eg er frå Jølster. Vi greier å samle oss rundt prestasjonar i verdsklasse, vi gløymer kvardagen og hyller dei som er gode saman.

Eg håper så inderleg at det er mange slike der ute som vi enno ikkje har høyrt om. Dei som kan begeistre og skape stormande jubel – for eg vil oppleve den stolte kjensla oftare.

Gjennom to år med Furorestipend har eg sett, høyrt og lese dei mest fantastiske ting laga, eller framført av unge menneske i, eller frå Sogn og Fjordane. Dei strutter av sjølvtillit og berre venter på å få sjansen til å vise kva dei kan og kvar dei vil. No set vi i gong igjen, og eg håper at vi også i år vert begeistra, sjarmerte og stolte av det vi vil få presentert.

I fjor gjekk dei gjevaste stipenda til ein skihoppar, ein musikkdramatikar, ein fotballkeeper og ein fotograf. Året før til ein fiolinist, ein industridesignar, ein ballettdansar og ein skiskyttar. Kva det blir i år, er eg veldig spent på, men eg gler meg og håper alle som kan og vil noko med talentet sitt, søkjer oss og kanskje får sjansen til å realisere seg sjølv med opp til 100 000 kroner i stipend.

Furorestipendet er for deg mellom 15 og 30 år. Det vert delt ut stipend i tre klassar, kultur, idrett og open klasse. Stipenda vil variere frå 25 000 kroner, til 100 000 kroner. Søknadsfrist er 15. august. Meir informasjon og søknadsskjema på meirennbank.no/furore