Gode idrettsvener!

Eg er tilbake på Breimstafetten etter mange, mange år borte og kan slå fast at mykje har endra seg. Men mykje er også som det var før; Det gode veret, flagga som er heist over heil breimsbygda, møkalukta og jammen er ikkje også sponsoren (SSF) den same som før. Det same er heilt sikkert også entusiasmen, kriblinga og spenninga hos løperane.

Eg må få lov å dvele litt med dette siste. Alle som har sprunge stafett veit at dette er heilt spesielt. Herre Gud kor nervøse vi var! Dei kvite leggane og låra blei smurt inn med kamferolje for å kompensere for manglande trening. Og husk, dette var før thightsen sin tidsalder, så etterpå drog vi på oss stilongsen og ein kvit kortebukse. De kan tru vi såg sporty ut. Som oftast var eg smart nok til å velge meg ein etappe lengst borte frå stadion oppe i skogen. Då var det ferre som såg meg og eg kunne etterpå forklare, eller helst bortforklare, løpsutviklinga. Sjarmøretappane inne på stadion var forbeholdt profilerte kara som bror min (Per Einar), Jonnfin Aske og Harald Gjengedal.

Men so var det det som har endra seg. Mange stafettar har blitt borte, men ikkje Breimstafetten, nettopp fordi ein har klart å vidareutvikla arrangementet. Klasser, etappar og innhald. I dag framstår arrangementet mykje meir som eit barne- og familiearrangement enn tidlegare, noko eg trur er lurt både med tanke på underhaldningsverdi og rekruttering. Med dagens underhaldningstilbod rett inn i stova via TV skjermen, krevst det meir enn defilering, etappar og premieutdeling. Også i idretten gjeld utsagnet; utvikling eller forvitring, akkurat som elles i samfunnet.

Eg er av den optimistiske sorta som meinar at endring er bra. Utvikling er naudsynt på alle frontar. Alt var ikkje betre før! Men for all del. Vi må ta med oss det beste i våre tradisjonar i vår iver etter utvikling og nyskaping. Klarer vi det får vi utvikling og framgang i harmoni med det eksisterande. Breim står føre meg som eit godt døme på akkurat dette med Breimstafetten som eit lys levande vitnesbyrd. Dugnadsånda i Breim er unik og eit godt døme på det beste i våre tradisjonar. Breimskoret er eit anna døme som i tillegg samlar krefter frå heile regionen. Magnus Willumsen og hans disiplar samlar folk i Breim til trim gjennom heile vinterhalvåret og til sommaren skal de igjen til med NM i friidrett.

Velsigne dokke breimningar og glopparar for viljen, vetet og iveren dykkar til å vise fram bygdenorge frå si beste side. So skulle det berre mangle at de ikkje også blei velsigna med godt ver, god deltaking og ein strålande Breimstafett for treogsyttiande gong.

Gratulerar med dagen og lykke til med arrangementet!