Bønder med framtidstru!

Førre måndag hadde eg ein fin dag. Ikkje ein roleg dag på kontoret om det er det du trur. Nei, eg var på kundebesøk, noko eg gjer altfor lite. I lag med nokon av mine medarbeidarar var eg inn om fire bedrifter i Breim og Jølster. Eg kallar det bevist bedrifter sjølv om det var bønder vi besøkte. Kvar for seg driv dei sine bedrifter med stor innsats, entusiasme og profesjonalitet. Sjølvsagt er det mange fleire som driv slik og fortener omtale, men la no disse fire stå som representantar for resten. Slikt gir meg tru på ei framtid for bygdene.

På Fløtre driv Jan Erik og Vivian fyrst og fremst med kjøtproduksjon i moderne lokalitetar og med fokus på effektiv drift som samtidig gir trivsel i fjøset. Resultatet er god kjøtkvalitet og tilfredstillande økonomi. På Hjelle har Siw og Joar investert millionar av kroner og tusenvis av timar i eit topp moderne hønsehus. ”Hus” blir forresten ein heilt feil beskriving av dette prosjektet som inneheld det siste av avansert teknologi og automasjon for effektiv styring av produksjonen. 7.500 frittgåande høner er ein stor kontrast til mine fjerne minner om 9 høner og ein hane i hønsehuset heime.

Søgnesand på ”andre sida” av Kjøsnesfjorden er vel ein stad dei fleste av oss kastar eit blikk på og tenkjer; går det an å bu der? Her har Hilde og Ragnvald overtatt geiteproduksjonen, skifta ut heile besetninga i tråd med krav og pålegg etter sjukdomsproblema som geitebøndene har plagast med. No er dei på offensiven og produserar geitemjølk av høgaste kvalitet. At Hilde har fått med seg Anne Grete Førde og starta bakeri i tillegg, er berre heilt naturleg for disse unge og initiativrike bøndene. Etter å ha sett på oksar, kyr, høner og geiter var det berre sau som stod att på programmet. Dei fann vi hos Magnar, Astrid og Arve Kjell på Sunde litt lenger ute i Kjøsnesfjorden. I tillegg til mjølkeproduksjon er disse ein av få som i tillegg har satsa profesjonelt og stort på sau. Då var nytt fjøs nødvendig for å få betre arbeidsvilkår og miljø både for sauen og bonden. Kombinasjonen gir arbeidsglede, gode avlsresultat og god kvalitet.

Felles for alle vi besøkte var hardt arbeid, god kompetanse, fokus på kvalitet og ikkje minst dyrevelferd og miljø. Summen av dette gir bærekraftige verksemder i ei næring som mange vil bygge ned til fordel for billegare utanlandske produkt. I eit globalt perspektiv der importvern i velståande land hindrar utviklinga i underutvikla land kan eg forstå argumentet. Men ikkje i eit perspektiv der vi også tek med evna til å klare oss sjølve i vanskelegare tider enn det vi opplever no, samt det faktum at eit aktivt liv på bygdene ikkje er mogeleg utan eit levande og lønnsamt landbruk. Samtidig er omstilling og utvikling heilt naudsynt. Difor er eg meir opptatt av kvaliteten på produkta, nivået på produksjonen og sjølvsagt grunnlaget for lønnsam drift, enn talet på bønder. Den norske bonden, og kanskje særskilt den vestnorske, må vere offensiv og kunnskapsrik med sterk tru på seg sjølv og framtida. Nokon av disse møtte eg førre måndag. Det var berre heilt topp!