Gleda ved å gje

Kva vil det i grunnen seie å vere gåvmild? Definisjonen er ”ein som gjer gåver”, eller det å vere ”sjenerøs”. Men legg vi eigentleg ikkje litt meir i det ordet enn kva sjølve definisjonen er? Kanskje… kanskje ikkje. Det gir i alle fall berre gode assosiasjonar hos meg.

Eg veit i det minste at det er eit, eller to hyggelege kjensler knytta til det å vere gåvmild. Til dømes gjevarglede. Det er gjerne ei fundamental og god kjensle av å tilføre ein eller fleire personar noko godt. Spesielt når dei set pris på det, eller kanskje berre når dei set pris på det? I alle fall er det alltid kjekt å vere gåvmild så lengje det finns gjevarglede.

Eg kan spesielt hugse ein gong for eit par år sidan då eg hadde starta som student i Volda. Nevøen min hadde 6-års dag, og eg hadde ikkje råd til å kjøpe han noko skikkeleg heftig  som han hadde ønska seg. Eg tenkte med meg sjølv, ’han må no i det minste få noko nyttig’, så eg kjøpte eit par sokkar til han. Då han opna gåva, tenkte eg ’dette blir vel årets skuff for den stakkars karen’, men han blei sprettande glad likevel, og det same blei eg.

Nevøen min har stadig overraska meg med entusiasmen og gleda han viser kvar gong han får ein gåve, anten ho er lita som eit sokkepar,  eller stor som ein sykkel. For å vere ærlig kan eg ikkje alltid sei det same om meg sjølv, så eg har ein ting,  eller to å lære frå den smårollingen.

I det siste har eg jobba ein del med Sparebankstiftinga si gåvetildeling. Denne veka vil vi offentleggjere korleis gåvemidlane er fordelte. Følg med på Sparebankstiftinga.no der vi presenterer «Dagens million» kvar dag, og heile lista på fredag 8.april. Det har vore snakk om svimlande summar, men også mindre, som ein student som eg, meir eller mindre kan forstå. Det har gått opp for meg at det er utruleg mange gode tiltak rundt omkring i fylket vårt, og eg håpar dei vil nyte godt av støtta dei får denne veka.