Kystens 10-år?

Det som skjel Sogn og Fjordane frå nabofylka Hordaland og Møre og Romsdal er svakare utvikling på kysten. Hovudgrunnen er at nabofylka har fått titusenvis av arbeidsplassar i oljenæringa, Sogn og Fjordane berre nokre hundre. Men det neste tiåret kan kystsamfunna i Sogn og Fjordane få ein ny giv.

 

600 i olje?

Grunnen til denne optimismen er ny fart i nettopp oljeindustrien. Med dagens oljepris og lovande utsikter framover er det enorm interesse blant oljeselskapa for å sikre seg sugerøyr ned i oljebrønnane. Aldri før har det vore så mange selskap og så stor interesse for etablering på forsyningsbasen på Botnaneset i Florø. Mykje talar for at basen for første gong også får ein komplett driftsorganisasjon når Jordbærfeltet, 12 mil vest av Florø, skal vinnast ut av selskapet British Gass. Om eit par år er det truleg rundt 600 “oljearbeidarar” i Florø. Nedbygginga av det tradisjonsrike verftet i byen er kompensert med nye arbeidsplassar på Fjord Base.

Historisk på Lutelandet

Endeleg blir det aktivitet på det lenge planlagde industriområdet på Lutelandet i Fjaler. Eit stort område er planert og djupvasskai står klar. Selskapet Lutelandet Offshore kjem truleg i gang med demontering og gjenvinning av utrangerte oljeinnstallasjonar. Testing og montering av havvindmøller kan bli ein annan aktivitet etter kvart. Med fleire hundre arbeidsplassar blir Lutelandet ein ny og viktig motor i HAFS-regionen. Det har stått på ynskjelista til lokalpolitikarane i mange tiår.

Nye samband

Bygging av Dalsfjordbrua og ny veg frå Svelgen til Rugsund er i full gang. Sambandet i nord vil knyte Måløy og Florø og Svelgen sterkare saman. Betre kommunikasjonar mellom oljemiljøet i Florø, innovasjonsmiljøet i Måløy og industrimiljøet i Svelgen vil vere ein kraftig vekstimpuls i både Nordfjord og Sunnfjord. Dalsfjordbrua kan bli ein ny giv for Askvoll som har tapt 10 prosent av folketalet dei siste 10 åra.

Ringverknadar

Milliardinvesteringane, som er i gang på Mongstad, kan i åra framover gje større ringverknadar til Gulen og Sløvåg. Fiskeri og havbruksnæringa i Sogn og Fjordane har ikkje berre verdiskaping i milliardklassa, men gjev store ringverkandar til andre sektorar som transport, eksportselskap, for- og utstyrsprodusentar.  

Vekstimpulsane på kysten er med andre ord større enn på lenge. Om bedrifter og lokalsamfunn blir styrte med kløkt og entusiasme kan det neste tiåret bli kystens 10-år i Sogn og Fjordane. 

Les meir om næringsutviklinga i Sogn og Fjordane i InnBlikk 2011