Opplev Sogn og Fjordane

Ein kan vel knapt finne ei betre oppleving av det spanande som finst i Sogn og Fjordane enn Framtidsfylket sine karrieremesser. Kanskje lurer du på kva moglegheiter som finst i framtidsfylket, som til dømes kva for spanande jobbar Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby? Her er ein liten statusrapport frå messene så langt.

Mingling og fjordmat
Kva finst av private og offentlege bedrifter i fylket? Kva kompetanse treng dei? Gå rundt ein tur på messene og kik. Det finst mange ulike jobbar i Sogn og Fjordane, fordelt på ulike næringsklynger. Fristar ein jobb i teknologimiljøet i Vågsøy, i finansmiljøet i Førde, eller kanskje innanfor offentleg administrasjon i Leikanger? Moglegheitene er mange, så det er berre å snakke med bedriftene. Uansett om du er frå Sogn og Fjordane eller ikkje. Med fjordtapas, i form av eit utval som spenner frå karrikrydra kylling til fisk frå Sogn og Fjordane, får deltakarane bokstavleg talt ein smak av fylket. Kanskje med unntak av karri og enkelte andre eksotiske ingrediensar, ber serveringa preg av å vere frå fjordfylket. Serveringa er upåklageleg, og med god drikke til!

Vil du vinne ein iPad?
Konkurransen er populær. Med iPod Shuffle som dagpremie og ein iPad som hovudpremie, har mange vore interesserte i å finne fram i eit ordkryss til kva vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er opptekne av. Premiebordet varierar noko frå stad til stad, ved at vi i Sogndal i tillegg trekte ut fire billettar til det høgaktuelle studentarrangementet Veka, til to glade vinnarar. iPad’en er framleis ikkje trekt ut, for siste sjanse til å vinne den blir på messa i Bergen! I tillegg trekk vi ut iPod Shuffle og eit par eksemplar av sparegrisen Rolf. Eg berre nemner det…

Finn Tokvam og ungdommen
Under messene blir det vist film om bedrifter og næringar i Sogn og Fjordane, der fokus er på unge menneske som har funne spanande og gjevande vegar for livet sitt. Med Finn Tokvam som forteljar er det rikeleg med humor og gode poeng! Filmen er godt produsert og kan sterkt tilrådast. 

Arbeidsmoglegheiter
Praten går om mykje på messene. Mellom anna snakkar vi mykje med dei frammøtte om kva kompetanse vi treng i bedrifta, bedriftsorganisering, trainee-stillingar og sommarjobbar. Utdanningsbakgrunnen til messedeltakarane er ulik og spanande. Banken treng kompetanse innanfor mange ulike fagområde. I takt med at Sparebanken Sogn og Fjordane har vakse til å bli ein av landets ti største sparebankar, er arbeidsmoglegheitene mange og varierte, og ytterlegare viser fordelane seg gjennom plasseringa av hovudkontoret i fylket. Og visste du til dømes at banken har ei stor verksemd innanfor valuta? Eller at vi tilbyr spanande moglegheiter innanfor marknadsføring? Sparebanken Sogn og Fjordane skal tilsetje trainee no i 2011, og søkjer breitt etter kompetanse for å finne den rette til stillinga. Er dette noko for deg? Snakk med oss på standen, og/eller sjekk nettsidene til SSF for å finne ut meir.

Bergen
Så langt har vi vore i Trondheim, Oslo og Sogndal. Sjå fotoalbum på Facebooksida vår. Torsdag vert årets karrieremesser i regi av Framtidsfylket avslutta med messa i Grieghallen i Bergen, og Sparebanken Sogn og Fjordane er på plass. I fjor deltok rundt 500 personar på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen, og truleg deltek endå fleire i år for å sjå kva fjordfylket har å by på.

Tek du turen? : )