Utgreiingar erstattar politisk handlekraft!

Rapport nr 17 om Stad skipstunnel er akkurat klar. Nummer 17! Eg orkar ikkje ein gong tenkje på kor mykje tid, ressursar og pengar som er brukt i desse prosessane. Det er forresten ikkje mitt poeng heller. Ei tilsvarande sak er kva som skal skje med ubåten utanfor Fedje. Den med kvikksølv om bord, som de veit. Med skiftande statsrådar trengs sjølvsagt også nye utgreiingar.

Som oftast endar dei opp med konklusjonar som høver til statsrådane sine synspunkt og på tidspunkt som er ufarlege i forhold til tida fram til neste stortingsval. Dette er berre to gode døme på utgreiingar som avløyser kvarandre år etter år etter… Kva er det som skjer? Kvifor skjer dette? 

Kva skal vi med politikarar om det er berre faktabaserte berekningar som skal avgjere viktige spørsmål innan samferdsle, helse, miljø, tryggleik og andre område som gjeld oss alle. Er det ikkje nettopp politikarane si oppgåve å ta omsyn til heilskapen i sakene, sjå på dei overordna og langsiktige konsekvensane, prioritere ut frå omsyn som ikkje teoretikarane får ut av reknearka sine? Men det er sjølvsagt enklare å be om ei ny utgreiing i staden for å stå opp og meine noko, stå på standpunktet og få det gjennomført.

På meg verkar det som den politiske handlekrafta er svekka. Meir og meir makt blir overført til byråkratar og konsulentar. Ikkje noko gale sagt om dei, men det er ikkje dei vi har valt til å ta beslutningar. Ei fare for demokratiet skal eg ikkje kalle det, men ei klar svekking er det i alle fall når meir og meir av makta blir flytta inn der vi ikkje har påverknad og der erfaringar frå det praktiske liv er fråverande. 

Eg likar modige politikarar som ikkje går av vegen for ein skikkeleg kamp. Eg likar visjonære politikarar som vågar å sjå lenger enn fram til neste val. Eg likar politikarar som ikkje ser grenser, men som klarer å tenkje heilskap og samarbeid. Tenk om vi hadde hatt fleire av dei. Då ville vi hatt politikarar som tok tilbake makta og som bestemte over byråkratar og departement.  Det er det som er vitsen med demokratiet. Det er slik eg vil ha det.