Rapport frå ein vektløftar

I juni lyfta eg på junior verdsmeisterskapet i vektlyfting i Bulgaria. Her rykka eg 159 kg, støyta 186 kg og gjorde 345 kg samanlagt. Med dette tok eg dei nordiske juniorrekordane i rykk og samanlagt, støyten har eg sjølv frå tidlegare. Dette var også kravet til elitepremien, Noregs vektlyftar forbund si høgaste utmerking . Elles fekk eg 8 plass i rykk, 12 plass i støyt og 11 plass samanlagt av 21 deltakarar. 2006 var sist gong Noreg hadde med ein deltakar på Junior VM.

No satsar eg friskt vidare mot Junior EM på Kypros i november. Her håpar eg at medalje kan vere innan rekkevidde i favorittøvinga rykk! Men dette er sjølvsagt steg på vegen mot det store målet – kvalifikasjon til OL i 2012.
 
Supert at Sparebanken Sogn og Fjordane fortset å dele ut Furore-stipendet! Det gav meg fleire treningssamlingar og mange sårt trengte massasjetimar 🙂

Fristen for å søkje Furorestipend er 15. august 2010. Sjå meir info på www.ssf.no.

Bilde frå utdelinga i 2009 finn du på Facebook og på Flickr.