Rapport frå ein møbelsnikkar

I fjor presenterte eg mine første møblar på verdas største og viktigaste møbelmesse i Milano. Eg var heldig og mottok Furorestipend på kr 10.000,- til denne satsinga.

 
Milano var ein kjempeoppleving med mange gode tilbakemeldingar. I dag, eit år etter, har eg nyleg fått ut mitt første produkt til dei første møbelbutikkane. Dette er eit lite magasinbord (Octopus) i aluminium som kombinerar bord med lagring av magasin. Det er møbelbutikkar med høg kvalitet som forhandlar desse. Dette set store krav til kvalitet og finish. Ekstra kjekt er det at vi har slike fabrikkar i Stryn, heimstaden min. Her blir produktet produsert og distribuert ut til butikkane. I desse dagar jobbar vi med lanseringa av nye produkt.  
 
I oppstartsfasen ligg alltid dei tunge kostnadane. Furore-stipendet til Sparebanken Sogn og Fjordane hjelpte meg med å få realisert draumen om å kome seg inn på marknaden – og eg anbefalar alle som ynskjer å satse på noko, om å søke Furore!

«Octopus«
 

Sparebanken Sogn og Fjordane delar ut 300.000,- i Furorestipend i år også.
Fristen for å søkje er 15. august 2010. Sjå meir info på www.ssf.no.

Bilde frå utdelinga i 2009 finn du på Facebook og på Flickr.