8 mill til folkepark på Hafstad

I vårt kapitalistiske samfunn må sparebankdrift vere fantastisk! I staden for å sende overskotet via børsen til eigarar som kanskje er langt borte, gir vi av overskotet tilbake til lokalsamfunnet, til glede for alle kundane som har vore med å bygge opp banken. Sparebanken Sogn og Fjordane stiller opp med 8 millionar kroner i gåve til Hafstad Idrettspark, noko som kan bli avgjerande for at folkeparken til totalt 55 millionar kroner blir realisert.

Gåva er den største Sparebanken Sogn og Fjordane nokon gong har gjeve til eit enkelt prosjekt. Grunngjevinga for satsinga er at Hafstad Idrettspark skal bli ein folkepark med eit breitt tilbod til alle typar idrettar og aktivitetar. Dessutan er gåva ei takk til lokalsamfunnet som har slutta opp om banken og bidratt til god bankdrift i Førde heilt sidan starten i 1842.

Førde sin tur
I banken har vi kjent på at det var Førde sin tur til å få eit skikkeleg handslag frå den største banken i Sogn og Fjordane. Tidlegare har vi tatt store løft for utbygginga av Campus Fosshaugane, Idrettshall i Florø og Leikanger, skianlegg både i Sunnfjord og Nordfjord, kunstgrasbaner og ballbingar over heile fylket, redningsskøyte, opera på Nordfjordeid og idrettspark på Sandane. Banken har også brukt mange millionar på forsking i Vestlandsforsking, musikkbingar og talentstipend. Sidan banken har 20 prosent av låna og størst inntening i Førde er ei storsatsing her på sin plass. Endeleg har vi funne eit prosjekt som vil kome folk flest i Førde til gode og utvikle Førde som eit attraktivt bu og arbeidsområde.

Folkepark og plusshus
Det er  ikkje berre fotballen som skal boltre seg på nye baner. Her blir også ein park for rullebrett, joggeløype, rulleskianlegg, hoppbakke, basketballbane, skøytebane og amfi for konsertar. Sentralt i parken blir eit servicebygg som er tenkt som eit moderne plusshus. Det betyr at huset ved hjelp av varmepumper, solcellepanel og ekstra isolasjon skal produsere meir energi enn det brukar.

Dette passar godt med banken sitt sterke miljøengasjement. Eit slikt plusshus blir eit signalbygg og det første av sitt slag i fylket.