Bank på Tanken 2019

Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer til Bank på Tanken på Meieriet!

Bank på Tanken er eit lågterskeltilbod til studentar som vil ha eit praktisk og lett forståeleg økonomikurs. Her deltek du på fleire aktivitetar som blant anna omhandlar personleg økonomi, eigedom og forsikring.

Alle aktivitetane er knytt opp til tema som Finans Norge og Forbrukerombudet har avdekka at det er særleg behov for opplæring i.

TID: Tysdag 22. oktober klokka 18.00
STAD: Meieriet i Sogndal

Gå til påmeldingsskjema.

Opplegget er heilt gratis, men vi må likevel ha påmelding sidan vi trekk fleire vinnarar av ulike premiar blant dei oppmøtte, og treng derfor kontaktinformasjon ved påmelding.