Furorestipend til tvillingane Anna og Berit

FURORE: Anna Einemo Frøysland og Berit Einemo Frøysland er tildelt kvar sitt stipend på 50 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Jon Filip Fahlstrøm

10. oktober 2019 – Kristian Helle

– Eg vart veldig glad, og det første eg tenkte på var om Anna også hadde fått stipend. Då eg fekk vite at ho også hadde fått det, vart gleda dobbelt så stor!

Det seier Berit Einemo Frøysland (27) entusiastisk. Dansaren frå Lærdal er tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Og som Berit er inne på, det same stipendet på 50 000 kroner har også tvillingsøster Anna fått! Også ho er dansar.

– Då eg høyrde at eg hadde fått tildelt stipend vart eg utruleg overraska og eg nærmast ropte i telefonen av glede! Det var så kjekt å få beskjeden av ei levande stemme i motsetnad til for eksempel ein e-post. Då kjendes det heile meir personleg. Og gleda dobla seg for meg også då eg høyrde at Berit hadde fått stipend, sidan vi jobbar med eit prosjekt saman, seier Anna.

Prosjekt på heimebane

Prosjektet Anna nemner, «Ein studie i Wittgensteins språkspel», har premiere neste år og skal visast i heimbygda Lærdal, Oslo og Berlin. Anna bur for tida i Oslo, medan Berit bur i Berlin.

– Vi har jobba saman i mange år og det har vi planar om å fortsette med, forklarer Berit.

Begge har også tidlegare vunne fleire prisar, fått fleire stipend og vore med i store prosjekt og produksjonar. Dei fortel at dei er svært takknemleg for at dei no også har fått Furorestipendet.

– Eg skal bruke stipendet til å ta spennande workshops i dans og utvikle prosjektet eg har saman med Berit. Nokre gonger er arbeidet ein dansar legg ned i sitt virke uløna. Dette stipendet gir derfor ein uvurderleg tryggleik og spelerin til å utfolde meg kunstnarleg, seier Anna.

Framtidsplanane er klare

Berit seier at ho har planar om det same, men ho har også ein anna draum i tillegg.

– Eg vil fortsette å jobbe som dansar i eigne og andre sine prosjekt. Kanskje starte eit lite dansekompani i framtida? Elles likar eg å skrive og eg drøymer om å publisere ein roman, seier Berit, som også har store planar om å fortsette å etablere seg som dansar og koreograf på eit internasjonalt og lokalt plan.

Anna nemner også at ho nyleg vart tilsett som aspirant i talentsatsinga AMP (Aspirant Mentoring Program) som tilhøyrer dansekompaniet Nagelhus Schia Productions. Ho fortel også at ho drøymer om å sette opp sine eigne produksjonar på store scener som Black Box i Oslo, Dansens hus, HAU (Hebbel am Ufer) i Berlin og spele på festivalen Tanz im August i Berlin.

At Berit og Anna klarer måla dei har sett seg, har juryen stor tru på. Derfor deler dei ut til saman 100 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

– Då Laila Ruud i Sparebanken Sogn og Fjordane ringte nølte eg først med å ta telefonen fordi eg ikkje kjende nummeret og eg mistenkte at det kunne vere ein seljar. Men av ein eller annan grunn fekk eg ein god følelse av at det var noko viktig, så eg bestemte meg å svare, forklarer Anna.

Og det gjorde ho lurt i!

Juryen for furorestipendet har bestått av:

Stig Roger Eide (tidl. journalist i Firda),

Trude Skarvatun (Førde kulturskule),

Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater)

og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)

Furorestipendet

Furorestipendet på 50 000 kroner er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Midlane kjem frå overskotet til banken som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

Søknadsfrist

Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.