50 000 til vektløftartalentet Marit

14. oktober 2018 – Johanne Sandnes

Skulle halde time på Spenst, vart overraska med Furorestipend. – Bra start på dagen, smiler Marit Årdalsbakke.

– Vi er imponert over Marit si styrke, og då meiner vi ikkje berre løftetalentet. Ho jobbar hardt og systematisk for å nå måla om EM og OL. Vi har stor tru på Marit, og gler oss til å følgje ho vidare, seier banksjef for privatmarknad i Førde i Sparebanken Sogn og Fjordane, Elin Aaland.

Laurdag morgon klokka 9 skulle vektløftar Marit Årdalsbakke frå Skei ha time på treningssenteret Spenst i Førde. Aaland nytta mogelegheita til å overraske ho med ein sjekk på 50 000 kroner.

– Dette var ein bra start på dagen, lo Marit då ho fekk gåvesjekken, og utdjupa etter timen:

– Eg vart veldig overraska! Eg hadde absolutt ikkje tenkt tanken på at det skulle skje. Det er kjekt og veldig motiverande at juryen har trua på meg og vil hjelpe meg på vegen. Pengane skal gå til satsinga på vektløfting, hovudsakleg treningssamlingar, konkurransar og behandling. Det kjem til å komme veldig godt med, smiler ho.

Furorestipenda vert delt ut til talent frå fylket mellom 15 og 30 år. I 2018 skal det totalt delast ut 8 slike stipend. Årdalsbakke er det sjette talentet som har fått stipend i år. Pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot som forvaltast av eigaren til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Juryen si grunngjeving:

«26 år gamle Marit Årdalsbakke frå Skei har vist talent innan fleire idrettar, og at det vart vektløfting ho satsa på frå 2009 skuldast litt tilfeldigheiter – samt at god tilrettelegging frå vektløftargruppa i Tambarskjelvar IL nok skal ha litt av æra. Uansett vart det eit lukkeleg val, og Marit har nærast regjert på toppen av pallen sidan. Heile ni NM-gull har det blitt (6 individuelle og 3 lag)! Juryen er òg imponert av Marit si systematiske og målretta satsing, med klare mål fram mot EM i vinter og vidare mot OL i 2020 og 2024. Vi har stor tru på at Marit vil fortsetje å vere ein gjengangar på sigerspallen, og ta fleire sportslege utviklingssteg. Juryen gler seg til å følgje med i åra framover, og ønskjer lukke til vidare!» 

Juryen for furorestipendet har bestått av: Stig Roger Eide (Firda), Torill Faleide (Førdefestivalen, Trude Skarvatun (Førde kulturskule), Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane).

Furorestipend

Furorestipendet er Sparebankstiftinga sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet har variert i storleik frå 10.000 til 100.000 kroner; men dei siste åra har alle stipenda vore på 50.000 kroner.

Søknadsfrist

Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.