Heia Måløy!
Av Arve Sandal | 27. november 2009 | Ingen kommentararHurra for Måløy Verft i dag. Eller kvifor ikkje eit 3×3 hurra for både verftet, Måløy-samfunnet og heile Sogn og Fjordane. Kontrakten på verdas første vindmøllefarty i sitt slag er ei stor og feiande flott fjør i hatten for først og fremst verftet, men også for det dynamiske vindkraftmiljøet i Vågsøy. Kontrakten på 45 millionar kroner kan vise seg å bli ein milepel i utviklinga av ei ny næring på kysten. Sidan verftet har opsjon på tre båtar til, kan denne inngangsbilletten fort bli på nærare 200 millionar kroner.

