flora150

Ungdom + næringsliv = sant

Dei fleste har vel fått med seg at vi driv og feirar byen vår sitt 150-årsjubileum. Vi er plagsamt stolte og høgrøysta og har lagt opp til ei feiring utan sidestykke i eit helt år. Eg er prosjektleiar for festen (”jubileumsgeneral”), og syns vi har fått til ein variert og brei fest med noko for alle. Heilt frå nyttårsfestane, via alle konsert- og musikalhendingane, utstillingane og til dei historiske hendingane no i vår. Det toppa seg no rundt 16.mai, bursdagen, med folkeleg fest fire dagar til ende som samla tusenvis av glade menneske i sentrumsgatene og på torget. Kostymeopptoget på 1.000 menneske var fantastisk! [...]

Les heile “Ungdom + næringsliv = sant”
Illustrasjon_spreglede

Å spre litt glede

I marknadsavdelinga i banken er det kjekt å jobbe. Her er rom for kreativitet, høgt under taket og vi får utvikle oss. Difor gleder vi oss til å gå på jobb.  Visjonen vår om å vere ei drivkraft for fylket og ei spesiell satsing på digitale kanalar og sosiale media i 2010,  gjer at vi kan vere mykje meir enn berre bank. Og det er kjekt!

Les heile “Å spre litt glede”
JimmyChoo

Kjensler og sko!

Denne veka er eg priviligert. Eg skal rett og slett helse på framtida! I dag startar vi på den årlege rundturen der vi besøker så og seie alle ungdomsbedriftene i fylket. I dag er vi i Songdal, i morgon i Førde og torsdag på Nordfjordeid.

Les heile “Kjensler og sko!”
20090311_UE_fylkesmesse_0520

Det er så kjekt å lese at det nyttar!

Eg sit og koser meg med artiklar på driftig.no om Ungt Entreprenørskap denne fredags morgonen. Eg les at det nyttar, det vert fleire bedrifter, dei som er involvert syns det er kjekt og Sogn og Fjordane ligg skyhøgt over landsgjennomsnittet i antal elevbedrifter! Kor bra er ikkje det?

Les heile “Det er så kjekt å lese at det nyttar!”