Rhodos-400

Regionsperre – ikkje berre, berre ?

Eg stod i butikken på hjørnet første dag av ferien på Rhodos og skjøna ikkje kvifor Visakortet mitt vart avvist. Så tikka det inn ein SMS, der det stod at kortet mitt var forsøkt brukt i utlandet. Sjølvsagt – regionsperra er på utanfor Skandinavia! Ein kjapp tur innom internett på hotellet, inn i nettbanken og kortet var opna for Europa, og butikkdama på hjørnet fekk pengane sine.

Les heile “Regionsperre – ikkje berre, berre ?”
Årdal

Det beste med Sogn og Fjordane?

Dette har vore ei interessant veke. Men den er snart over. Håpet kan vere at neste veke blir like interessant. Men kanskje på ein annan måte. Sogn og Fjordane er ikkje eit helvete på jord. For meg er det det stikk motsette. Det er ikkje lett å sette fingeren på kva det er som gjer at dette er Heime. Alle sansane speler inn.  Den lause og ledige stilen som vi alle likar. Det fantastiske smakane som tyt ut av jord og vatn. Folka som bur her med den gode kommentaren som aldri ligg langt vekke. Det å vere fri i [...]

Les heile “Det beste med Sogn og Fjordane?”
Bryggekos

Vi gjer opp for oss og vi sparar

Folk i Sogn og Fjordane er smarte syns vi i sparebanken. Du og eg er smarte fordi vi er flinke til å betale for oss og til å spare pengar. Vi har med andre ord ein ryddig privatøkonomi og vi klarer å legge tilsides litt pengar. Dette likar vi i Sparebanken Sogn og Fjordane. Sjølvsagt er det kjekt for oss at kundane betalar låna sine og set pengar på sparekonto. Men det viktigaste av alt er ikkje nødvendigvis at dette er bra for banken, men at eg og du som bur her i fylket rett og slett får eit betre [...]

Les heile “Vi gjer opp for oss og vi sparar”