Mobilbank
Av Reiel Haugland | 18. desember 2009 | 3 kommentarar »Den første versjonen av dei nye mobilsidene våre er no klare. Sida skal i all hovudsak vere innfallsport til mobilbanken (som kjem på nyåret ein gong), men vi prøver så klart å gjere dei så bra som mogleg og så relevante som mogleg. No vil vi gjerne høyre kva du meiner om dei før vi offisielt går på lufta.

