Rhodos-400

Regionsperre – ikkje berre, berre ?

Eg stod i butikken på hjørnet første dag av ferien på Rhodos og skjøna ikkje kvifor Visakortet mitt vart avvist. Så tikka det inn ein SMS, der det stod at kortet mitt var forsøkt brukt i utlandet. Sjølvsagt – regionsperra er på utanfor Skandinavia! Ein kjapp tur innom internett på hotellet, inn i nettbanken og kortet var opna for Europa, og butikkdama på hjørnet fekk pengane sine.

Les heile “Regionsperre – ikkje berre, berre ?”
visakort_kjell

Sommaren er kort

Lommeboka mi! Kor var ho! Eg kjende panikken tok meg samtidig som eg endevende kofferten på leit etter ei svart lita skinnfille med kortet mitt oppi. Eg var på tur, budde på hotell, og sidan eg ikkje er særleg glad i handvesker, hadde eg putta lommeboka oppi kofferten, og gøymt den under alle kleda, før eg gjekk ned til middag. Medan eg tømde kofferten, og snudde opp ned på alt, gjekk hjernen på høggir, og systematisk gjekk eg gjennom alt eg måtte gjere for å få kontroll dersom kortet var borte (les stole)…

Les heile “Sommaren er kort”