Eit herleg slit

Eit herleg slit

Målet er 1338 meter over havet. Først må ein opp gardstun og skogsveg. Så over moltene på myra. Deretter berg og ur. Bratt og ulent. Blodslit og mjølkesyre. Men det er verdt det. For det er den herlege kjensla på toppen ein er ute etter. Ja, det blir litt slik som Tine. Må ha det – berre må ha det. 

Les heile “Eit herleg slit”
Billettluka

Grisefest i Billettluka

Du har kanskje høyrt om Rolf, kulaste grisen på Facebook? Første veka kvar månad arrangerer Rolf Grisefest, der han lovar høg trynefaktor med konkurransar og anna kjekt. No er det igjen klart for Grisefest, og Rolf feirar med å lansere Billettluka.

Les heile “Grisefest i Billettluka”
Kjetil

Ta vinteren i bruk!

For mange er det eit ork å komme igjennom vinteren. Eg tykkjer at vi som bur i dette landet bør ha eit aktivt forhold til alle årstidene, også vinteren kan ha sin sjarm. Det er sjølvsagt kjekkast med dei varme årstidene, men ved å ta vinteren i bruk blir den kortare!  Eg tilhøyrer den delen av befolkninga som må bruke kroppen til fysisk aktivitet heile året – eg berre må ha det! Og ettersom eg tilhøyrer kontormann-gruppa tykkjer eg utandørs aktivitet er det beste, for då får ein frisk luft og naturopplevingar med på kjøpet.   

Les heile “Ta vinteren i bruk!”
furoreinvitasjon-2

Stem på din favoritt!

FURORE er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt talentstipend. Vi deler kvart år ut stipend frå kr 10 000 til heile kr 100 000 til unge talent frå fylket. No har vi valt ut fem som  vi er stolte av å støtte. Men vi treng litt hjelp – kven av desse meiner du fortener ekstra heider og ære? Ver med å bestemme kven som skal få publikumsprisen som vert delt ut på Furorebanketten på Sandane 2.oktober.

Les heile “Stem på din favoritt!”