Eg gjorde Furore!
Av gjestebloggar, Hans Alexander Huseklepp | 1. juni 2010 | Ingen kommentararI haust var eg ein av dei heldige mottakarane av Furorestipendet. Då eg søkte på stipendet, hadde eg akkurat tatt til på siste året av min Mastergrad i Industridesign, og slutten på eit fem års langt studium var rett rundt hjørnet. No, eit halvt år seinare, har eg akkurat levert frå meg diplomoppgåva mi, og då eg vart beden om å skrive eit innlegg her og fortelje litt om kva som har skjedd sidan sist, var det noko eg gledeleg tok på meg.





