Ungdom + næringsliv = sant
Av gjestebloggar, Edvin Helgheim | 27. mai 2010 | Ingen kommentararDei fleste har vel fått med seg at vi driv og feirar byen vår sitt 150-årsjubileum. Vi er plagsamt stolte og høgrøysta og har lagt opp til ei feiring utan sidestykke i eit helt år. Eg er prosjektleiar for festen (”jubileumsgeneral”), og syns vi har fått til ein variert og brei fest med noko for alle. Heilt frå nyttårsfestane, via alle konsert- og musikalhendingane, utstillingane og til dei historiske hendingane no i vår. Det toppa seg no rundt 16.mai, bursdagen, med folkeleg fest fire dagar til ende som samla tusenvis av glade menneske i sentrumsgatene og på torget. Kostymeopptoget på 1.000 menneske var fantastisk! [...]



