Lettlurt-blogg

Lettlurt?

Siste veka har media fokusert på om vi er ekstra godtruande når vi lar oss lure av e-postar som kjem dettande inn i mailboksen vår, og som lovar oss stor forteneste om vi tek kontakt. Kanskje er vi slik som landsmoder Gro sa ein gong; det er typisk norsk å vere god!

Les heile “Lettlurt?”
dagfinn breimstafett

Breimstafetten – eit friviljug, vårleg eventyr?

  Breimstafett er tradisjon. Breimstafett er nervøsitet. Snø langt ned i liene, gyllelukt, krepp-papirband i gilde fargar som viser etappane, og ikkje minst banneret som lyser mot deg på Helkja-brua: ”Velkomen til Breim!” Er du stafettløpar og ikkje får problem med magen når alt dette møter deg, er du ikkje klar nok for etappen din!

Les heile “Breimstafetten – eit friviljug, vårleg eventyr?”