Vi spurde og fekk svar
Av Reiel Haugland | 30. september 2009 | Ingen kommentararHallvard Husefest Lunde lanserte i vår ein idé om å gjere om den gamle vasstanken i Likkjeåsen i Florø til eit utkikkstårn til bruk for kunst og kultur. Vi meinte dette var ein ganske god idé, men fann fort ut at skulle vi vere med på dette ville heile gåvepotten til avdelinga i Florø gå med. Vi fann difor ut at vi rett og slett skulle spørje kundane våre om kva vi skulle gjere.

