Skjermbilde 2010-03-30 kl. 15.08.22

Humør og kreativ galskap som drivkraft!

Kreativ galskap er blitt ein lønnsam forretningside for mange. Sjå berre på Moods of Norway. Kombinasjonen av å utfordre det etablerte, ha det moro og tjene pengar er faktisk mulig. Ja faktisk trur eg det nesten det er ei forutsetning i framtida. Det fyrste har med nytenking å gjere, det andre med organisasjonskultur og trivsel.

Les heile “Humør og kreativ galskap som drivkraft!”
jobbane-her

Jobbane er her !

Medan diskusjonane går om kompetansearbeidsplassar og omdømme, blir det samtidig jobba jamnt og trutt for å utvikle dei miljøa vi har.  Nett no er det ledig to kjempegode og viktige jobbar i finansmiljøet i Førde.  Gjensidige Bank søkjer etter direktør for nettbanken sin, og Aud Ingrid i Fjord Invest Management søkjer etter ein kollega med leiar- og styreerfaring som også blir tilbydd partnerskap i selskapet.

Les heile “Jobbane er her !”
Hallvard-v-bank300

Årets unge leiar – Hallvard i finalerunda !

    Sogn og Fjordane er svært sjeldan synlege når næringslivet har kåringar om størst, fyrst eller best.  Difor gledar det meg stort at vi i BI og DN si kåring av ”årets unge leiar” finn vår eigen Hallvard Klakegg.  Profesjonelt leiarskap er sjølve grunnlaget for utvikling og vekst uavhengig av bransje.  For oss har dette hatt sterkt fokus i lang tid og det er difor ein viktig siger at vi og fylket viser igjen også i slike kåringar.    

Les heile “Årets unge leiar – Hallvard i finalerunda !”
Fjærland

Vågar vi nok?

Eg sat i romjula og førebudde meg litt til å vere med i NRK Sogn og Fjordane.  Dei ville ha mi meining både om 2009, men mest om utsiktene for 2010.  Som vanleg blei det også denne gongen til at vi brukte meir tid på fortida enn på framtida.  Det slo meg at det er litt typisk for oss her i fjordfylket.  Vi har lett for å fundere meir over det som var enn å forholde oss offensivt til det som kjem.  Det er tross alt i framtida vi skal vere resten av livet.

Les heile “Vågar vi nok?”
Olsenbanden

Finn de på sprell?

Her i Sparebanken Sogn og Fjordane funderer vi på bank, på store tankar om korleis vi kan vere ei drivkraft for fylket vårt og kva som gjer til at dei små tinga ofte blir opplevd som viktigare enn dei store. Av og til så har vi lyst å finne på sprell. Her ser du meg og resten av banden. Har du gjort nokre sprell i det siste som du vil dele med oss? Lag ditt eige bankkort her

Les heile “Finn de på sprell?”