Hafstad-Idrettspark500

8 mill til folkepark på Hafstad

I vårt kapitalistiske samfunn må sparebankdrift vere fantastisk! I staden for å sende overskotet via børsen til eigarar som kanskje er langt borte, gir vi av overskotet tilbake til lokalsamfunnet, til glede for alle kundane som har vore med å bygge opp banken. Sparebanken Sogn og Fjordane stiller opp med 8 millionar kroner i gåve til Hafstad Idrettspark, noko som kan bli avgjerande for at folkeparken til totalt 55 millionar kroner blir realisert.

Les heile “8 mill til folkepark på Hafstad”
Billettluka

Grisefest i Billettluka

Du har kanskje høyrt om Rolf, kulaste grisen på Facebook? Første veka kvar månad arrangerer Rolf Grisefest, der han lovar høg trynefaktor med konkurransar og anna kjekt. No er det igjen klart for Grisefest, og Rolf feirar med å lansere Billettluka.

Les heile “Grisefest i Billettluka”
Lettlurt-blogg

Lettlurt?

Siste veka har media fokusert på om vi er ekstra godtruande når vi lar oss lure av e-postar som kjem dettande inn i mailboksen vår, og som lovar oss stor forteneste om vi tek kontakt. Kanskje er vi slik som landsmoder Gro sa ein gong; det er typisk norsk å vere god!

Les heile “Lettlurt?”
Danse mot vår

Danse mot vår

Denne helga, 29.4 – 2.5, er det Dansens Dagar. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane gler oss over våren og feirar på vår eigen måte. 

Les heile “Danse mot vår”
dagfinn breimstafett

Breimstafetten – eit friviljug, vårleg eventyr?

  Breimstafett er tradisjon. Breimstafett er nervøsitet. Snø langt ned i liene, gyllelukt, krepp-papirband i gilde fargar som viser etappane, og ikkje minst banneret som lyser mot deg på Helkja-brua: ”Velkomen til Breim!” Er du stafettløpar og ikkje får problem med magen når alt dette møter deg, er du ikkje klar nok for etappen din!

Les heile “Breimstafetten – eit friviljug, vårleg eventyr?”
Nytt design bankkort

Plastic Fantastic

Svangerskapet mitt var kort. Bokstaveleg talt. Eg surra først litt rundt i hovuda på Bodil og Karl hos Miksmaster (skaparane av dei fleste bankkorta her i landet). Bodil har flotte, svarte krøller og veit alt om korleis eit velskapt bankkort blir til. Og Karl er han som tar teikna meg og gått med meg i magen, so og seie. Kult – for han er eigentleg frå Canada og veldig flink til å designe, difor er eg litt internasjonal og potensielt kreativ, på eit vis.

Les heile “Plastic Fantastic”
Ipad med nettbank

Nettbanken funkar på iPad

I det siste har det vore mykje fokus på iPad – Apple sitt nye elektroniske lese- og surfebrett. Jens Stoltenberg fekk massiv PR då han sat oskefast i New York og styrte landet via iPad. Ei av problemstillingane i media har vore om iPad kan brukast til nettbank-tenester. Vi har testa og svaret er JA.

Les heile “Nettbanken funkar på iPad”
Foerde Kammerkor blogg

Jeg liker å synge

Jeg har sunget i Førde Kammerkor i 10 år. Andre bass, av og til første bass. I perioder har jeg veldig lyst til å synge tenor, for jeg kan komme ganske høyt opp. Jeg koser meg litt da, nå bass- stemmen tar seg en liten tur opp i høyden. Det hender jo det.

Les heile “Jeg liker å synge”
miljø avtrykk

Smarte og kule

Kva er grunnen til at fleire og fleire av dei største sjefane køyrer rundt i dei minste bilane? Det gjeld både banksjef Rune Bjerke, hotellsjef Petter Stordalen, energisjef Christian Berg og klesbutikksjef Benedicte Ferner, skreiv Dagens Næringsliv 16. april i år. Svaret er enkelt; dei er smarte folk som likar å vere moderne og kule. Dei er smarte fordi små elektriske bilar er effektive i travle bygater. Bilane kan bruke kollektivfelt og kome raskt fram, dei parkerer gratis og slepp både bom- og ferjeavgifter.

Les heile “Smarte og kule”
Forde-VBK

Førde VBK i Montenegro

Sparebanken Sogn og Fjordane støttar Førde VBK økonomisk med utvikling av trenarar for dei yngste, og klubben har i dei siste åra auka sitt engasjement i høve trenarutvikling. Vi  prioriterer spesielt trenarar for barn og ungdom. To av trenarane våre for barn og ungdom har nyleg vore i Montenegro på studietur. Her kjem ein fersk rapport:  

Les heile “Førde VBK i Montenegro”