Sommarvikarar

Ung og lovande i banken – del 2

Kven er dei, sommarvikarane som er innom eit par månader i året, og er med på å halde banken gåande? Vi lurte – og spurte. Her får du del 2 av ”Ung og lovande i banken” 

Les heile “Ung og lovande i banken – del 2”
gaularspelet

Ung og lovande i banken – del 1

Det verkar som om heile Norge går i dvale i juli. Ute stoppar rushtrafikken, og her i banken blir alt litt meir stille. Litt mindre telefonar, litt mindre mas. Det er som ein liten unntakstilstand. Men sjølv om alle ser ut til å ha tatt ferie, så er det nokon som er på jobb og held hjula i gong. Kundar skal hjelpast, papir skal handsamast og tal skal reknast.    

Les heile “Ung og lovande i banken – del 1”
Rhodos-400

Regionsperre – ikkje berre, berre ?

Eg stod i butikken på hjørnet første dag av ferien på Rhodos og skjøna ikkje kvifor Visakortet mitt vart avvist. Så tikka det inn ein SMS, der det stod at kortet mitt var forsøkt brukt i utlandet. Sjølvsagt – regionsperra er på utanfor Skandinavia! Ein kjapp tur innom internett på hotellet, inn i nettbanken og kortet var opna for Europa, og butikkdama på hjørnet fekk pengane sine.

Les heile “Regionsperre – ikkje berre, berre ?”
White gift box. 3D image.

Dagens million går til natur

Eg er blitt glad i å gå i fjellet i vaksen alder. Følelsen av ro som senkar seg i kropp og sjel.  Bekymringar og ugjorte arbeidsoppgåver blir enklare og ofte finn løysing.  Det er noko med roa og freden som gir rom for ettertanke og kreativitet – og løysingar kjem – plutseleg og frå ingen stad? Trimmen i ein god fjelltur, kjenne at kroppen fungerer, bli sveitt og andpusten.  Stoppe og slurpe i seg kaldt rennande fjellvatn. Få att pusten, og gå på igjen. Den gode følelsen når ein når toppen, kjenne på kor liten ein er i verda og [...]

Les heile “Dagens million går til natur”
cecilie blogg2

Min økonomiske kvardag…

Då eg var liten drømte eg om å vere stor, og no når eg er stor ønskjer eg ofte å vere liten igjen. Få bekymringar og lite ansvar. Allereie frå eg var liten laga eg meg milepålar; å begynne på skule, ta førarkort og flytte heimafrå var nokre. Trygt og godt hadde eg det heime, men likevel var det å flytte heimafrå ein av dei største milepålane.

Les heile “Min økonomiske kvardag…”
Danse mot vår

Danse mot vår

Denne helga, 29.4 – 2.5, er det Dansens Dagar. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane gler oss over våren og feirar på vår eigen måte. 

Les heile “Danse mot vår”
Friluftsbankett Gloppen

Snart FriluftsBANKett

No er eg spent. Skikkeleg spent. I år er ikkje bankfesten blankpolerte bord, fine dressar, godt sminka damer og varmekablar på hotell. Nei, i morgon pakkar kollegaene mine i Sparebanken Sogn og Fjordane Gore-Tex og støvlar, og gjer seg klar til lavvo og sovesal, mat i det fri og mange kjekke aktivitetar. Vi har nemleg invitert alle til ein ekte FriluftsBANKett på Sandane.

Les heile “Snart FriluftsBANKett”
Gruppebilde-sykkel

4 på sykkelsetet

I går sykla over 30 leiarar og mellomleiarar i banken til leiarmøte på Skei. Dei kom frå Årdal, frå Stryn, Eid og Førde og gjennomførte første del av leiarsamlinga i fylkets mest sentrale rundkøyring – der Rv5 og E39 møtest på Skei i Jølster. Her er kommentarar frå 4 sprekingar:

Les heile “4 på sykkelsetet”
Skjermbilde 2010-03-30 kl. 15.08.22

Humør og kreativ galskap som drivkraft!

Kreativ galskap er blitt ein lønnsam forretningside for mange. Sjå berre på Moods of Norway. Kombinasjonen av å utfordre det etablerte, ha det moro og tjene pengar er faktisk mulig. Ja faktisk trur eg det nesten det er ei forutsetning i framtida. Det fyrste har med nytenking å gjere, det andre med organisasjonskultur og trivsel.

Les heile “Humør og kreativ galskap som drivkraft!”
per magne swix

Nettbanken + Per Magne = sant

Nesten 45.000 kundar bruker nettbanken vår, og Per Magne drøymer om at dei skal få den beste nettbanken i verda. Tikkar det inn ein SMS på mobilen hans om at nettbanken  for tida er ustabil, blir karen rastlaus, og ikkje ein god pris snus kan hjelpe på stemninga, ein gong.

Les heile “Nettbanken + Per Magne = sant”