dagens_million_markane1

Dagens million går til aktivitet

Som far veit eg alt om kor lite kjekt det er å sleppe dei unge håpefulle ut langs vegane. Som mjuk trafikant blir du ofte liten med tungtrafikk og utolmodige bilistar tutande rundt øyrene. Rulleskiløparar er ekstra utsett i så måte då dei nødvendigvis treng litt plass i vegbana.

Les heile “Dagens million går til aktivitet”
dagens_million_rakter_vadheim

Dagens million går til fellesskap

Det er kjekt å vere ”julenisse”  i Vadheim ein fin sommarkveld. Jentelaget til Vadheim IL vart ein av dei heldige vinnarane av eit draktsett frå SSF. Totalt er det delt ut 24 draktsett av banken i heile Sogn og Fjordane.

Les heile “Dagens million går til fellesskap”
White gift box. 3D image.

Dagens million går til natur

Eg er blitt glad i å gå i fjellet i vaksen alder. Følelsen av ro som senkar seg i kropp og sjel.  Bekymringar og ugjorte arbeidsoppgåver blir enklare og ofte finn løysing.  Det er noko med roa og freden som gir rom for ettertanke og kreativitet – og løysingar kjem – plutseleg og frå ingen stad? Trimmen i ein god fjelltur, kjenne at kroppen fungerer, bli sveitt og andpusten.  Stoppe og slurpe i seg kaldt rennande fjellvatn. Få att pusten, og gå på igjen. Den gode følelsen når ein når toppen, kjenne på kor liten ein er i verda og [...]

Les heile “Dagens million går til natur”
Hafstad-Idrettspark500

8 mill til folkepark på Hafstad

I vårt kapitalistiske samfunn må sparebankdrift vere fantastisk! I staden for å sende overskotet via børsen til eigarar som kanskje er langt borte, gir vi av overskotet tilbake til lokalsamfunnet, til glede for alle kundane som har vore med å bygge opp banken. Sparebanken Sogn og Fjordane stiller opp med 8 millionar kroner i gåve til Hafstad Idrettspark, noko som kan bli avgjerande for at folkeparken til totalt 55 millionar kroner blir realisert.

Les heile “8 mill til folkepark på Hafstad”
120310-Forstandarskapsmøte_0427_blogg

Arvesølv for framtida

2,1 milliardar kroner. Eg klarer ikkje heilt å fatte kor mykje pengar dette eigentleg er. Det eg veit er at dette er arvesølvet i Sparebanken Sogn og Fjordane og dermed litt av arvesølvet i fylket. Det er bygt møysommeleg opp gjennom generasjonar med hardt arbeid, god forvaltning og god bankdrift. Summen er identisk med eigenkapitalen eller grunnfondet i Sparebanken Sogn og Fjordane. Forstandarskapet i banken har vedteke at nesten 1,8 milliardar kroner av pengane skal overførast til ei lokal stifting. Dermed blir pengane verande på lokale hender til evig tid.

Les heile “Arvesølv for framtida”
Prosjekt vanntank-1-sørvest

Vi spurde og fekk svar

Hallvard Husefest Lunde lanserte i vår ein idé om å gjere om den gamle vasstanken i Likkjeåsen i Florø til eit utkikkstårn til bruk for kunst og kultur.  Vi meinte dette var ein ganske god idé, men fann fort ut at skulle vi vere med på dette ville heile gåvepotten til avdelinga i Florø gå med. Vi fann difor ut at vi rett og slett skulle spørje kundane våre om kva vi skulle gjere.

Les heile “Vi spurde og fekk svar”