Closeup portrait of a cute young female isolated on white backgr

Berre ho kjem

Eg snudde meg.
- Hei, sa ho.
- Hei, sa eg.
Rommet stilna. Dei 250 stemmene rundt oss forsvann.
Det var smilet hennar. Ho var så glad. Så smilande. Så flott.

Les heile “Berre ho kjem”
Årdal

Det beste med Sogn og Fjordane?

Dette har vore ei interessant veke. Men den er snart over. Håpet kan vere at neste veke blir like interessant. Men kanskje på ein annan måte. Sogn og Fjordane er ikkje eit helvete på jord. For meg er det det stikk motsette. Det er ikkje lett å sette fingeren på kva det er som gjer at dette er Heime. Alle sansane speler inn.  Den lause og ledige stilen som vi alle likar. Det fantastiske smakane som tyt ut av jord og vatn. Folka som bur her med den gode kommentaren som aldri ligg langt vekke. Det å vere fri i [...]

Les heile “Det beste med Sogn og Fjordane?”
Logo framtidsfylket

Sogn og Fjordane eit helvete på jord?

Dette er overskrifta på ein kronikk i Bergens Tidende 15.01, ført i pennen av Anne Viken. Temaet er den evige fråflyttingsdebatten. Ho sparkar i gang kronikken sin med utspelet til Ingrid Heggø om at tiltaket for å kjempe mot fråflyttingsspøkelset er å omgjere studielånet til tilbakeflyttarane til stipend. Eg er heilt einig med Viken. Snakk om å ta tak i utfordringa på feil grunnlag, i feil ende og utan å reflektere over konsekvensen dette vil gjere for omdømet til fylket.

Les heile “Sogn og Fjordane eit helvete på jord?”
09-12-18 MObilbank på HTC Hero_0078

Mobilbank

Den første versjonen av dei nye mobilsidene våre er no klare. Sida skal i all hovudsak vere innfallsport til mobilbanken (som kjem på nyåret ein gong), men vi prøver så klart å gjere dei så bra som mogleg og så relevante som mogleg. No vil vi gjerne høyre kva du meiner om dei før vi offisielt går på lufta.

Les heile “Mobilbank”
JimmyChoo

Kjensler og sko!

Denne veka er eg priviligert. Eg skal rett og slett helse på framtida! I dag startar vi på den årlege rundturen der vi besøker så og seie alle ungdomsbedriftene i fylket. I dag er vi i Songdal, i morgon i Førde og torsdag på Nordfjordeid.

Les heile “Kjensler og sko!”
Rolferompa

Globetrottaren Rolf – eit eksperiment

Walt Disney skal ha sagt “I only hope that we never lose sight of one thing – that it was all started by a mouse.” Det er viktig å ikkje gløyme kva vi eigentleg driv med i ein hektisk kvardag med krav, kriser, møter, nye kanalar og alt anna som distraherer oss. Vi er ein bank, ein sparebank til og med, og sparegrisen og det den symboliserer er kjernen i det vi driv med.

Les heile “Globetrottaren Rolf – eit eksperiment”
20090311_UE_fylkesmesse_0520

Det er så kjekt å lese at det nyttar!

Eg sit og koser meg med artiklar på driftig.no om Ungt Entreprenørskap denne fredags morgonen. Eg les at det nyttar, det vert fleire bedrifter, dei som er involvert syns det er kjekt og Sogn og Fjordane ligg skyhøgt over landsgjennomsnittet i antal elevbedrifter! Kor bra er ikkje det?

Les heile “Det er så kjekt å lese at det nyttar!”
Fondssparing500x500

Sparing i fond

Sparing er eit tema som burde interessere mange i desse tider. Vi har vore gjennom ein turbulent periode, og viktigheita av å ha oppsparte midlar har vist seg tydeleg i fleire samanhengar. Den som kan mest om sparing hos oss er Gunnar Heggheim. Han er leiar for investeringssenteret og har mange år bak seg med sparing som sitt område.

Les heile “Sparing i fond”
Furore-7276

Bilder frå utdelinga av Furorestipenda

Furore er over for i år, men vi lev ei stund til på denne kvelden. Tusen takk til alle som bidrog, enten på, bak, framfor, over eller på sidan av scena denne kvelden. Her kjem nokre bilder tatt av den eminente fotografen Vegard Fimland.

Les heile “Bilder frå utdelinga av Furorestipenda”
20090930_2844

Jakta på talenta

I morgon er den store Furoredagen. Dagen då vi skal dele ut 300.000,- til talent frå Sogn og Fjordane. Dagen vi har jobba mot sidan i sommar. Dagen vi skal vise fram noko av det beste fylket har å by på. Dagen for det største, og ikkje minst beste, arrangementet i Sparebanken Sogn og Fjordane si historie.

Les heile “Jakta på talenta”