Gira på UngNo
Av Nina Eren Liseth | 16. februar 2010 | 1 kommentar »Det er ikkje fordi eg har ordet slik i mi makt, at eg har fått blogge på meirennbank. Det heng nok meir i hop med at eg er veldig gira på UngNo! Du lurer kanskje på kva det går ut på? UngNo er eit slags ”Temposeminar” for ungdom ved den vidaregåande skulen. Vi prøver å trekke fram gode ting ved Florø, vise dei kva som er mogeleg, inspirere dei, og ta ungdommen på alvor.

