Ta vinteren i bruk!
Av Kjetil Bjørset | 20. januar 2010 | Ingen kommentararFor mange er det eit ork å komme igjennom vinteren. Eg tykkjer at vi som bur i dette landet bør ha eit aktivt forhold til alle årstidene, også vinteren kan ha sin sjarm. Det er sjølvsagt kjekkast med dei varme årstidene, men ved å ta vinteren i bruk blir den kortare! Eg tilhøyrer den delen av befolkninga som må bruke kroppen til fysisk aktivitet heile året – eg berre må ha det! Og ettersom eg tilhøyrer kontormann-gruppa tykkjer eg utandørs aktivitet er det beste, for då får ein frisk luft og naturopplevingar med på kjøpet.

