Arve_Egon

Skal vi ringe Andersen?

Ein kunde kom innom banken ein dag og fekk auge på ein bankfunksjonær som var moteriktig kledd i tights litt nedom knea og kjole som rakk nesten ned til knea. -Svært så sie undebukse du har i dag, utbraut kunden skjemtande.

Les heile “Skal vi ringe Andersen?”
IMG_1667

Gratulerer med Tempoprisen

Det er berre å gratulere og ta av seg hatten for vinnarane av Tempoprisen i 2009. Eller kva seier du til at bedrifta PSWinCom har fått kundar i 75 land og kvar dag sender ut fleire hundre tusen sms-meldingar gjennom datasystema i Florø. Like imponerande er utviklinga av Ewos i Gunhildvågen. Det er ikkje minst fabrikksjef, utbyggingssjef og prisvinnar Ernst Strøm å takke at fabrikken i Florø har blitt den mest moderne og største fiskeforfabrikken i verda. Vi snakkar med andre ord om nyskaping og næringsutvikling av internasjonalt format.

Les heile “Gratulerer med Tempoprisen”
Facebook

Hei!

Du har kanskje ikkje tenkt på det. Kan banken vere meir enn bank, meir enn pengar, meir enn renter, meir enn lån og kontoar, meir enn banksjefar? Visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane er å vere ei drivkraft for fylket. Vi vil skape, vi vil utvikle, vi vil dele. Det er vitsen med at vi er til og at 320 tilsette går på jobb kvar dag rundt i heile Sogn og Fjordane og i Bergen.

Les heile “Hei!”