miljø avtrykk

Smarte og kule

Kva er grunnen til at fleire og fleire av dei største sjefane køyrer rundt i dei minste bilane? Det gjeld både banksjef Rune Bjerke, hotellsjef Petter Stordalen, energisjef Christian Berg og klesbutikksjef Benedicte Ferner, skreiv Dagens Næringsliv 16. april i år. Svaret er enkelt; dei er smarte folk som likar å vere moderne og kule. Dei er smarte fordi små elektriske bilar er effektive i travle bygater. Bilane kan bruke kollektivfelt og kome raskt fram, dei parkerer gratis og slepp både bom- og ferjeavgifter.

Les heile “Smarte og kule”
120310-Forstandarskapsmøte_0427_blogg

Arvesølv for framtida

2,1 milliardar kroner. Eg klarer ikkje heilt å fatte kor mykje pengar dette eigentleg er. Det eg veit er at dette er arvesølvet i Sparebanken Sogn og Fjordane og dermed litt av arvesølvet i fylket. Det er bygt møysommeleg opp gjennom generasjonar med hardt arbeid, god forvaltning og god bankdrift. Summen er identisk med eigenkapitalen eller grunnfondet i Sparebanken Sogn og Fjordane. Forstandarskapet i banken har vedteke at nesten 1,8 milliardar kroner av pengane skal overførast til ei lokal stifting. Dermed blir pengane verande på lokale hender til evig tid.

Les heile “Arvesølv for framtida”
100209 Fjaler Sparebank_0372

Fest i Fjaler

Kanskje Jakob Sande ikkje dikta? Kanskje Gud faktisk heldt fest i Fjaler? Ein frikveld på Kobbeskjeret med ibis og pelikan, med palmer og seder der før det stod bjørk og gran. Eg må nemleg tilstå at det er noko med folket i Fjaler prestegjeld eg ikkje rett forstår. Det er eit eller anna med dei sunnfjordske og jordiske lover som ikkje gjeld rundt Dalsfjorden.

Les heile “Fest i Fjaler”
100208 Bankbygget og brua Førde_0225

Borte bra, heime best

Det var det året som skulle bli så bratt. Alle kurver stupte nedover mot slutten av 2008 og starten av 2009. Vi som har eit stort ansvar for å skaffe pengar til Sogn og Fjordane, budde oss på det verste. Ville finanskrisa føre til store tap i næringslivet og rett og slett mangel på pengar til å halde hjula i gang?

Les heile “Borte bra, heime best”
Madelene-Furore

Godt NYTT år

I to veker har eg hatt selskap av ein krabat på 8 månadar.  På desse vekene har han lært seg å krabbe på alle fire og fått tilgang til eit nytt univers. Plutseleg kunne han ta eigne initiativ og  eigne val, søke det nye, det ukjende, det spennande. Han brukte tida godt, heile tida på farten for å føle, smake, erfare både vedakorga, juletreet, støvsugaren, stikkontaktar og alt anna innanfor rekkevidde. Om eit par månadar er lysta til å gå større enn frykta for å falle. Då tek han nye kvantesprang i eigen kompetanseutvikling.

Les heile “Godt NYTT år”
Trainee

Lokkemat heimafrå

- Skal vi ikkje ha hjort i år, kom det får min betre halvdel då det drog seg ut i oktober utan at den årvisse skrotten var komen i hus. Eg lest som eg ikkje høyrde spørsmålet. Eg hadde nemleg ein plan om å bryte ein tradisjon. Det gjer ein ikkje ustraffa.

Les heile “Lokkemat heimafrå”
Simulator

Vindkraft som drivkraft

Byen Nakskov i Danmark hadde alvorlege problem på slutten av 80-talet. Storverftet i den vesle kommunen med berre 15000 innbyggarar innstilte og sa opp alle tilsette. Resultatet var ikkje berre tilbakegang og utflytting, men også store sosiale problem.

Les heile “Vindkraft som drivkraft”
Klimabank2009_vindenergi

Best på klima

Det var nytt for meg, kanskje for deg og? Studiar i USA og Europa syner at  produksjon og drift av vindmøller representerer mindre CO2-utslepp enn bygging og drift av vasskraftverk. Vi brukar ofte å skryte av at vasskrafta er reinaste energikjelda i verda. Men det syner seg altså at i tillegg til naturinngrepet representerer bygging og vedlikehald av demningar, tunnelar og kraftstasjonar større utslepp av klimagassen CO2 enn satsing på vindmøller.

Les heile “Best på klima”
Sykkel

Ver og vinn

Dei to små orda har vi brukt før. Dei stod i konjunkturbarometeret til Sparebanken Sogn og Fjordane i 2007. Det var då Al Gore og FN sitt klimapanel frekk fredsprisen. Det var då 2500 forskarar slo alarm om global oppvarming og fare for drastiske klimaendringar. Det var då dei politiske partia tok til å programfeste kraftige kutt i CO2-utslepp. Med dei to orda ver og vinn prøvde vi å seie at klimavennleg framferd er vinn-vinn-vinn både for naturlivet, menneskelivet og næringslivet. 

Les heile “Ver og vinn”
S-Cat-1

Heia Måløy!

Hurra for Måløy Verft i dag. Eller kvifor ikkje eit 3×3 hurra for både verftet, Måløy-samfunnet og heile Sogn og Fjordane. Kontrakten på verdas første vindmøllefarty i sitt slag er ei stor og feiande flott fjør i hatten for først og fremst verftet, men også for det dynamiske vindkraftmiljøet i Vågsøy. Kontrakten på 45 millionar kroner kan vise seg å bli ein milepel i utviklinga av ei ny næring på kysten. Sidan verftet har opsjon på tre båtar til, kan denne inngangsbilletten fort bli på nærare 200 millionar kroner.

Les heile “Heia Måløy!”