Ung og lovande i banken – del 2
Kven er dei, sommarvikarane som er innom eit par månader i året, og er med på å halde banken gåande? Vi lurte – og spurte. Her får du del 2 av ”Ung og lovande i banken”
Her er spørsmåla dei fekk:
1. Fortel kort om deg sjølv
2. Kvifor har du sommarjobb i banken?
3. Kva gjer du om 15 år?
Nils Edvin Numme (26) – nattsafe
1. Nils Edvin Numme, 26 år frå Farsund i Vest-Agder. Er nettopp ferdig med mastergrad i kateketikk og skal byrje å jobbe som lærar på Sunnfjord folkehøgskule til hausten.
2. Sparebanken Sogn og Fjordane er hovudsponsor til Førde Volleyballklubb, og det var gjennom klubben eg kom i kontakt med banken, som trengte ein sommarvikar i 2006. Dette er mitt fjerde år i banken og eg trivst veldig godt.
3. Eg har nok flytta heimover til Sørlandet og jobbar som kateket eller lærar, men du skal ikkje sjå vekk i frå at eg framleis har sommarjobb i nattsafen i Sparebanken også!
Katrine S. Osland (23) – avdeling Askvoll
1. Katrine S. Osland, 23 år, frå Askvoll. Eg studerer økonomi og reiselivsleiing ved Universitetet i Stavanger. Satsar mot masterutdanning ved NHH i Bergen etterpå.
2. Sparebanken er ei spennande, samfunnsengasjert bedrift, som held til der ein helst vil vere – heime i trivselsfylket. Greitt å prøve litt studierelatert arbeid før ein skal spesialisere seg.
3. Om 15 år… Det er lenge til enno. Det er i alle fall lov å håpe på at ein har slått seg til ro innan den tid, aller helst i Askvoll kommune dersom det er utfordrande jobbar å få. Kanskje er eg blitt gründer i Skorvemarka, med satsing på livsstil og rekreasjon – det fins mange mulegheiter! Først må ein leve det livet ein har her og no!
Magnus Sellevold (24) – kundesenteret
1. Magnus Sellevold, 24 år frå Førde. Har fagbrev i butikkfaget og bachelor i markedskommunikasjon frå BI Bergen. Interesserer meg for fotografering, fiske, sosiale aktivitetar og mykje anna.
2. Eg ser på Sparebanken Sogn og Fjordane som ein spennande, dyktig og engasjert aktør med høg kompetanse innanfor sitt fagfelt. Banken har opparbeidd seg ein sterk posisjon i fylket, og er stadig på jakt etter forbetringar for å tilfredstille eksisterande og nye kundar. For meg er det svært inspirerande å ta del i den framtidige utviklinga til Sparebanken Sogn og Fjordane. Det å møte ulike kundar med ulike typar behov tykkjer eg er spennande. Samtidig ser eg på ein sommarjobb her som ei mulegheit til å ta i bruk kompetansen min, og etter beste evne bidra som ein ressurs for Sparebanken Sogn og Fjordane.
3. Etter ein evig lang draum om å bli fotballproff i Manchester United, må eg nok etterkvart innsjå at livet vil ta andre vegar, sjølv om det var kjekt å leike med tanken. Ut i frå interesse, jobberfaring og skulegang, kan ein få klare indikasjonar på kva eg ønskjer å arbeide med. Men kor eg er, kva eg jobbar med, og om eg har funne draumejobben i 2025, blir førebels eit spørsmål eg stiller meg sjølv i skrivande stund.
Astrid Midttun (20) – avdeling Leikanger
1. Eg heiter Astrid Midtun, er 20 år og kjem frå Leikanger. No studerer eg samfunnsøkonomi på Universitetet i Oslo, og er akkurat ferdig med det første året.
2. Eg hadde spesielt lyst på sommarjobb i banken fordi eg har blitt ekstra interessert i økonomi etter eg byrja på studiet.
3. Om 15 år vonar eg at eg er lukkeleg med ein flott familie, ein spennande jobb og mykje tid til å utforske verda og til å nyte livet.
