Dagens million går til fellesskap
Det er kjekt å vere ”julenisse” i Vadheim ein fin sommarkveld. Jentelaget til Vadheim IL vart ein av dei heldige vinnarane av eit draktsett frå SSF. Totalt er det delt ut 24 draktsett av banken i heile Sogn og Fjordane.
Dei blå/kvite jentene i 9-10 års alderen syntest det var kjempeflott med nye drakter! Keeperdrakta er lysegrøn og viser godt igjen i mål. Jentene pratar ivrig om bana si, som har det klinkande namnet ”Vaimbley”. I august skal det bli ei kjempeflott kunstgrasbane som og Sparebanken Sogn og Fjordane er med og yter tilskot til.
Vadheim IL er eit aktivt lag og dei har gjennom åra fostra mange gode fotballspelarar. Jentene er klare på kven dei har som førebilete. Det er Even og Vegard! Even Hovland spelar som dei fleste kjenner på Sogndal og Vegard Gjermundstad på 1. divisjonslaget til Lyn. Dette viser at fotball er viktig for barn og unge. Og det er viktig å sjå at ein kan bli ein ”proff” fotballspelar sjølv om ein kjem frå ei mindre bygd som Vadheim i Sogn og Fjordane. Føresetnadane er vilje, hard jobbing, gode treningsmoglegheiter og aktivt støtteapparat. Og kanskje det også hjelper med nye fine drakter? Vi ynskjer i alle fall lukke til vidare!

Følg med på Kongleriket for å sjå andre lag i nye draktsett. Sjå t.d. fornøgde jenter frå Tambarskjelvar.
Utkantfestival, musikkterapi og møteplass
- Utkant er ein musikk-, kunst-, og kulturfestival på Skjerjehamn i ytre Gulen. Sparebanken Sogn og Fjordane gjev 75.000 kroner i gåve til festivalen.
- Sogn og Fjordane Fylkessenter for Musikkterapi (FSMT), er eit utviklings-, kompetanse- og rettleiingsorgan for musikkterapeutisk verksemd i fylket. Vi støttar prosjektet ”Musikkterapi med asylsøkarar og flyktningar – eit helsefremjande kulturtilbod” med 100.000 kroner.
- Vi gjev også 150.000 kroner til ”Møteplassen”, eit møtelokale i regi av Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon Sogn og Fjordane for å gje eit sosialt tilbod til for menneske som elles ikkje har den same mogelegheita til å kunne oppleve eit sosialt samvær.
Les meir om desse og andre gåver her.
