Rolf – frå sparegris til Facebook kjendis

Rolf1Har du møtt Rolf? Den kulaste grisen på Facebook? Her får du historia hans…

I fjor sommar blei det til ein liten gris på ein fabrikk. Han vart utstyrt med lyseblå kropp og ei mørkare blå snute. Lite visste han om kva som venta han då han blei pakka i kassar, og sendt avgarde mot ein stad vest i Norge. I banken i Førde blei han pakka opp og studert nøye. Var han bra nok til å bli den nye sparegrisen i Sparebanken Sogn og Fjordane? Det er jo eit stort ansvar å passe på sparepengane til folk. Heldigvis syns folka i banken at grisen blei finare og finare etterkvart, og bestemte seg for at dette var den nye sparegrisen.

Slik var det Rolf kom til banken vår. Vi bestemte oss raskt for at denne vesle, søte grisen måtte ha eit namn. På den tida var Facebook framleis noko litt nytt for oss i banksamanheng, og vi prøvde oss fram med litt forskjellig. Kvifor ikkje spørre tilhengjarane våre?

Vi laga ein konkurranse på dette, og mange forslag kom inn. Alt frå Lille Blå til Gisse Gris. Mange gode forslag, men ingenting  fenga oss nett slik vi hadde tenkt. Heilt til det kom inn eit enkelt lite namn. Rolf. Den sjølvoppnemnde juryen tygde litt på det. Såg på Rolf. Såg på kvarandre og lo. Heile gjengen visste med eitt at namnet til denne vesle grisen var Rolf. Vi trengte berre litt hjelp frå ein klarsynt tilhengjar på Facebook for å sjå det.

Etterkvart blei Rolf reiselysten, og vi bestemte oss for at han måtte få lov å lufte seg litt. Vi spurte både tilhengjarane våre og dei tilsette om dei ville ta med seg Rolf på tur. Fleire svarte, og Rolf fekk vere med blant anna til Paris, Bergen, Kypros og Egypt. Folk tok verkeleg til seg denne vesle sparegrisen med den blå snuta.

Interessa for Rolf vart over all forventning, og sidan tilhengjarane våre viste slik interesse for han, fekk han vere med på fleire stunt. Han valde å stille seg opp på den Blå Steinen i Bergen, og venta der til ein tilfeldig forbipasserande tok han med. Etterkvart dukka Rolf om både her og der, og på Facebooksida vår kom det inn bilete av grisen i forskjellige situasjonar. Rolf var blitt allemannseige!

Rolf er eit godt døme på kva som kan skje i sosiale media. Folk tar til seg ting, gjer sine eigne vriar og sender det ut til sine nettverk. Ting lever sitt eige liv. Det er dette som er så spennande! Uten folket og uten sosiale media, hadde Rolf berre vore ein kven som helst sparegris i plastikk som banken delar ut. No er han ein liten fyr med personlegheit og ein stor tilhengjarskare. Er det tøft eller?

Rolf driv fortsatt med stunt og har det med å dukke opp både her og der. Første veka i kvar månad har han Grisefest med konkurransar og anna moro på Facebooksida til Sparebanken Sogn og Fjordane.

FBlogo

 

Og kven veit…. Kanskje dukkar han opp ein stad nær deg?

Rolf veggen

Fleire bilete av Rolf på Flickr

Legg igjen et svar