Helga då bygda i dvale vert perla ved Sognefjorden

gjesteblogg_balejazz_bilde1Etter ein lang, kald og stille vinter er det endeleg tid for helga der innbyggjarane i Balestrand kan komme ut av sine hi. Noregs vakraste festival er rett rundt hjørnet!

Folkeliv er noko det verkeleg er mangel på her i bygda. Tida som var då Natthuset og Krambui var ope og Holmen fylt med yrande folkeliv, sjølv etter at Jokeren var stengd, er historie for lenge sidan. Me kunne sjå tendensar til forbetring då eg og to kameratar realiserte draumen om vår eigen bar, men den blei fort knust. Bygda er igjen i dvale og ingen draumebustad for ein ungpode som meg. Sjølv har eg nettopp flytta tilbake til det me kallar ei perle ved Sognefjorden. Denne perla har den siste tida fått nokre verkeleg stygge riper i form av bygg i sentrum. Det eine vart heldigvis kravd fjerna av kommunen, men det andre står framleis som ei malplassert varevogn framføre ein elles flott souvenirbutikk.

Det er difor så kjekt at desse ripene vert polert vekk av yrande folkeliv, mykje god musikk og ei glitrande stemning! Det er 21. gongen Balejazz blir arrangert. Hovudarenaen er hotellet der eg voks opp, og kor eg no er tilsett. Kviknes Hotel, som er drive av familien min, har gjort at livet og røra rundt festivalen har kome ekstra tett på. Dette var helga vi ungane visste at vi ikkje fekk sjå noko særleg til pappaen vår, som både er direktør ved hotellet og festivalsjef. Likevel er dette ei helg vi alltid har sett fram til. Ikkje berre signaliserer den starten på sommaren, men den har og gitt oss ein heil del med glede og gode minner. Den er noko av det som gjer at bygda fortener perlenamnet.

Sjølv er eg no ein del av heile ballet. Ettersom eg er tilsett på hotellet, får eg nok å gjere med fullt hus. I tillegg har eg tatt på meg ansvaret for arbeidet innan sosiale media for Balejazz. Ein kjempespennande jobb eg i tillegg gjer for hotellet her heime og Solstrand Hotel i Bergen. Facebook og andre sosiale media er ikkje lenger berre ein stad kor me ungdommane møtast, no er dette ein viktig del av marknadsføringa til alle bedrifter.

Mitt engasjement for denne type media var ein del av grunnen til at eg takka ja til å skrive i denne bloggen. Dette måtte eg jo teste ut! Eg har sett at det ikkje berre er 14 år gamle jenter som nyttar seg av denne type kommunikasjon, men også større bedrifter (som innehavar av denne bloggen), band og andre. Til dømes Datarock, eit fantastisk liveband, som kjem på årets festival. Bandet har internett og sosiale media som sin hovudkanal for kommunikasjon med sine fans. Datarock har utselde konsertar rundt om i heile verda, men dei sel nesten ikkje plater! Folk kjenner dei blant anna gjennom eigen blogg, MySpace, Facebook og ein drøss med glitrande liveopptak på You Tube. Dei har skapt eit enormt engasjement på nett og har gjort stor suksess. Musikken frå Datarock er blant anna med på ei rekke verdskjende PlayStationspel. Bandet spelar alltid i spesiallaga raude joggedressar, noko som gjer at ”snakkis”-faktoren på nettet blir ekstra høg! Dette er ein effekt bedrifter og andre band berre drøymer om… Datarock i Bygdahuset er noko eg verkeleg ser fram til. Kanskje festivalsjefen sjølv drar på seg ein raud joggedress og slepp seg laus denne kvelden. Det skal iallfall eg!

gjesteblogg_balejazz_bilde2

Legg igjen et svar