4 på sykkelsetet
I går sykla over 30 leiarar og mellomleiarar i banken til leiarmøte på Skei. Dei kom frå Årdal, frå Stryn, Eid og Førde og gjennomførte første del av leiarsamlinga i fylkets mest sentrale rundkøyring – der Rv5 og E39 møtest på Skei i Jølster. Her er kommentarar frå 4 sprekingar:
Helena Igelkjøn, leiar Internasjonal betaling og finansiering: ”For å vere heilt ærleg så tenkte eg før eg reiste, at vi ser kva som skjer, eg prøver no… Har faktisk ikkje hatt sykkelen framme på 2 år. Då eg skulle til å sykle på min rosa (!) offroad sykkel, oppdaga eg at begge dekka var flate. Typisk! Men kva har ein gode kollegaer til? Eg fekk rask assistanse av dei kyndige sykkelreparatørane Kjetil og Jan Arne. Og ikkje nok med det, i tillegg til å ordne dekka, reiv dei av skjermane og nokre andre småting på sykkelen – slik at eg berre hadde det mest nødvendige att… Folk hadde vel ikkje heilt trua på at eg skulle komme meg så langt avgarde med denne sykkelen, men eg bestemte meg for å vise dei at dette går! Eg og Janne danna baktroppen i pulje to, og eg er veldig godt nøgd med eigen innsats. Turen var tung (2t og 20 min), men ikkje så gale som eg hadde trudd”.
Torbjørn Orheim, salsleiar Flora: ”Før eg starta var eg ein smule skeptisk – men det gjekk mykje betre enn forventa – både form og utstyr tatt i betraktning. Spesielt var det veldig godt når turen var over. Turen gav faktisk litt meirsmak – eg burde kanskje gjere meir av dette? Ein av dei første tankane som slo meg når eg kom fram, var at dette må eg legge på Facebook…”
Odd Kjetil Tonning, salsleiar Hornindal/Stryn: ”Før turen starta, tenkte eg at det var synd at det ikkje var finver – men som evig optimist var eg like blid likevel. Opp Utvikfjellet var det litt tungt, måtte ha nokre pausar, men tenkte at eg må komme meg på toppen, for der står Firda og ventar – eg må rekke dei før dei fer. Eg er ein gut som ikkje skyr å vere litt i rampelyset. Alltid godt å komme opp på Utvikfjellet uansett, altså ,og turen ned frå fjellet var herleg, om enn litt kald. Når eg såg alle kollegaene som stod i rundkøyringa og heia meg fram dei siste meterane, så tenkte eg berre: eg e framme!!!!!”
Kjell Sandnes, Direktør Risikostyring: Som
Risk Manager i banken, tenkte eg sjølvsagt nøye igjennom sjansen for å bli påkjørt, så eg investerte i raudt blinklys som vart festa framme på sykkelen. Klok av erfaring starta eg tidleg (kl 07:15) – rekna med at eg kom til å bruke ein del meir tid pga. vinden. Eg starta friskt og drog pulja mi opp til Bruland, medan Ragnar (67 år!) drog resten. Det var ein flott tur – og gruppa innvilga seg til og med ein kaffipause på Statoil. For meg var dette eit turritt og ikkje eit temporitt; det er viktig å poengtere. Kjekt å komme risikofritt fram til Skei – og so fekk eg medalje!”
Vi seier berre – vel blåst!
Sjå fleire bilde på Facebooksida vår.
