Tre gullår
Torsk og andre kvitfiskartar har opplevd kraftig prisfall som følgje av finanskrisa. Lakseprodusentane derimot har berre høyrt om denne krisa i media. Dei tener pengar som aldri før, og analytikarane spår at næringa har tre gullår framfor seg. For ein bankmann som meg er dette berre heilt fantastisk. Men når ting er nesten for godt til å vere sant, er det då ikkje på sin plass å undersøkje litt nærare ?
Etterspørselen etter laks aukar. Det er eit godt og sunt produkt, og den raude fargen gjere til at laksen tek seg godt ut i fiskedisken. Vi har eit eksportørkorps som gjer ein framifrå jobb med å selje laksen i alle krikar og krokar rundt om i verda. Eksportverdien passerte 20 milliardar i fjor. Slaktevolumet var 856.000 tonn, ein auke på heile 15 % frå året før.
Ein erfaren bankmann frå Ålesund sa til meg at marknaden vil tole ein årleg vekst på inntil 5 % utan å oppleve prisfall. Og her er vi i kjerna til kvifor norske oppdrettarar no tener gode pengar. Den globale produksjonen etter laks aukar ikkje. Det er den andre store lakseprodusenten i verda, Chile, som er nede for teljing etter omfattande sjukdomsproblem. Chile hadde ein stor vekst i sin produksjon. Mange meinte den ikkje var berekraftig, at bomba snart ville detonere. Smellen vart langt kraftigare enn forventa.
Ikkje berekraftig ?
Frå fleire hold blir det hevda at heller ikkje norsk oppdrettsnæring er berekraftig. Næringa slit med problem som sjukdom, lakselus og rømming. Er ikkje denne milliardnæringa berekraftig ? Er den i ferd med å få eit dårleg omdømme ? Eg trur Chile vil komme sterkt tilbake. Kva må til for å sikre norsk oppdrettsfisk sin posisjon i marknaden ?
Svara vil vi få under Havbrukskonferansen i Florø i dag, der Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg – Hansen og andre sentrale personar i næringa deltek.
