Nettbanken + Per Magne = sant
Nesten 45.000 kundar bruker nettbanken vår, og Per Magne drøymer om at dei skal få den beste nettbanken i verda. Tikkar det inn ein SMS på mobilen hans om at nettbanken for tida er ustabil, blir karen rastlaus, og ikkje ein god pris snus kan hjelpe på stemninga, ein gong.
Per Magne Hervik er ansvarleg for Nettbanken i Sparebanken Sogn og Fjordane, og kan ikkje kallast for ein typisk bankmann, om den rasen framleis finst. Med utdanning i sosiologi frå Universitetet i Bergen og jobb innan kulturetaten i fleire kommunar i fylket, kom han som eit friskt pust til banken for 10 år sidan.
Web og nettbank har alltid stått hans hjarte nær, og han fokuserer alltid på nye, brukarvenlege løysingar. På post i timevis under hjortejakta i Hyefjella, har han pønska ut fleire nye tenester i nettbanken. Ein frisk langrennstur på Langeland, under oppkøyringa til Birken, gir han og nye idear.
Sist laurdag gjennomførte han årets Birkebeinarrenn i fin stil, og sette ny pers, såvidt over 4 timar. Gratulerer !
Akkurat no er det mobilbank som opptek Per Magne, og han gler seg til å tilby kundane denne løysinga, i løpet av året.
Eg har jobba saman med Per Magne med www.ssf.no og nettbanken i fleire år, og han er ein alle tiders kar, og ein ressurs for både banken og kundane våre. Men eg håper inderleg at han ikkje prøver å slutte med snus, for det har han prøvd eit par gonger, utan hell, og då blir han ikkje til å vere i hus med.

[...] over at BankID hadde fått kritikk. Tilbake på jobb spurte jeg min alltid oppdaterte kollega Per Magne om ikke den fysiske avhengigheten av kodebrikken var en klar svakhet ved BankID. Per Magne, som vet [...]