Det bles ein vind over ytre Nordfjord!

vindmolleDen vinden heiter Alfred Bjørlo.

I oktober i fjor stod eg i Trivselshagen på Sandane og delte ut stipend til Tarjei Bø. Eg spurte han kva som var målet for sesongen og fekk eit kontant svar; – eg skal slå Bjørndalen! I oktober to år tidlegare var eg i Måløy og presenterte banken sitt næringsbarometer og drista meg til å sette fokus på fornybar energi som eit framtidig satsingsområde for næringslivet i fylket. I den samanheng peika eg særskilt på dei føresetnadane Måløy hadde til å bli eit senter for vindkraft og industri knytt til denne nye energiforma.

Målretta satsingar
Kva har skjedd sidan den tid? Tarjei har slått Bjørndalen i tre løp, fått sitt internasjonale gjennombrot i verdenscupen og tatt OL- gull på stafetten. Måløy hadde dei rette folka til rett tid og har satsa aktivt og målretta på konkrete teknologiprosjekt og har i lag med andre gode krefter fått danna Vindkraftforum Sogn og Fjordane. Vestavind Kraft er blitt eit av dei mest omtala selskapa i fylket og med Erling Holden har Høgskulen og Vestlandsforskning klart å markere seg som ein liten spydspiss innnan fagfeltet fornybar energi. Dette er gladmeldingar i ei tid då vi treng nettopp det.

Her har det vore konkret handling mykje meir enn berre prat og lovnader! Vilje og handlekraft!

Vindkraftforum

Nokre av dei konkrete resultata vart viste  fram for statsråden og næringslivsleiarar frå store nasjonale selskap som Statoil og Statskraft på tysdag. Etter ein rundtur i Teknopollen brukte dei uttrykk som ”Gründer-Norge på sitt beste”, ”ein heilt ny og fantastisk oppdagelse”, ”fantastisk morsomt og interessant”, ”aldri sett maken til pågangsmot”.

No skal vi ikkje la oss blende av gode ord og fine taler.  Den feilen har vi gjort før. Igjen er det ein fare for at dei store miljøa og nettverka rundt NTNU og Sintef i Trondheim og oljemiljøet i aksen Stavanger-Bergen stikk av garde med både tilskota, kontraktene og arbeidsplassane. Men for ein gong skuld har vi gjort som Tarjei Bø. Vi har sett oss store mål. Vi trener og gjer det som skal til for å hevde oss. Vi viser oss fram og vågar å ta opp konkurransen med dei beste i verda. Vi har sjølvtillit og vi er offensive!  Akkurat den gode kjensla hadde eg i Måløy på tysdag.

Kva med resten av Nordfjord?
Ein liten refleksjon til slutt.  Kvifor heng ikkje heile Nordfjord seg på den driven som Måløy Vekst no har skapt? Er ikkje dette tida for å samle heile Nordfjord i ei næringsforeining? Hadde eg vore ordførar i Eid, Gloppen, Hornindal eller Stryn hadde dette vore eit tema eg hadde meldt inn til Nordfjordrådet på fyrste møte. Her er driv, her er kompetanse, her er nettverk, her er handlekraft.  Mannen bak heiter Alfred Bjørlo og må så snart som mogeleg få større armslag til glede for Måløy og heile fylket!  Hugs, det er  ”Bjørndalen ” vi konkurrerer med!

Legg igjen et svar