Arvesølv for framtida

120310-Forstandarskapsmøte_0427_blogg

Styreleiar Trude Brosvik, Administrerande direktør Arvid Andenæs og leiar i Forstandarskapet Elin Schei Stuhaug

2,1 milliardar kroner. Eg klarer ikkje heilt å fatte kor mykje pengar dette eigentleg er. Det eg veit er at dette er arvesølvet i Sparebanken Sogn og Fjordane og dermed litt av arvesølvet i fylket. Det er bygt møysommeleg opp gjennom generasjonar med hardt arbeid, god forvaltning og god bankdrift. Summen er identisk med eigenkapitalen eller grunnfondet i Sparebanken Sogn og Fjordane. Forstandarskapet i banken har vedteke at nesten 1,8 milliardar kroner av pengane skal overførast til ei lokal stifting. Dermed blir pengane verande på lokale hender til evig tid.

Ryggrad i økonomien
Mange vil sikkert spørje om banken treng så mykje pengar i bakhand. Svaret er ja fordi styresmaktene har sett krav til kapitaldekning i bankane. Desse finansinstitusjonane er på mange måtar ryggrada i norsk økonomi. Derfor må dei stå støtt og tåle både ”vindkast” og ”turbulens” i økonomien.

Til sjuande og sist handlar det om tillit. Ein bank utan tillit er ferdig på dagen. Det såg vi under finanskrisa då til dømes kundane sto i lange køar utanfor Northern Rock i London for å ta ut pengane sine. Sparebanken Sogn og Fjordane har lånt ut rundt 11 milliardar kroner meir enn banken har i innskot frå kundane sine. Dette er pengar banken hentar inn til fylket frå den vanlege pengemarknaden. For å få slike lån til gunstige vilkår, må banken kunne vise til gode resultat og solid kapitaldekning. Derfor er det store grunnfondet alfa og omega for at banken skal kunne gjere jobben som den største finansaktøren i Sogn og Fjordane.

Ny finansiell muskel
Fredag oppretta forstandarskapet i banken Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og vedtok at nesten 1,8 milliardar kroner av grunnfondet i banken skal overførast til denne stiftinga. Dermed har fylket fått ein ny og kraftig muskel på den finansielle himmelen. Men pengane kan ikkje brukast opp til vegbygging eller tunneldriving. Dei skal framleis vere ryggrada i banken og sikre tilliten i finansmarknaden. Men omdanninga sikrar også at den store verdiskapinga blir verande på lokale hender i Sogn og Fjordane til evig tid. Den skal forvaltast av fylkets eigne kvinner og menn i ei generalforsamling og eit styre. Det blir ansvarsfulle verv. I respekt for alt arbeidet, nøysemda og fliden som ligg bak oppbygginga av ein slik kapital, skal arvesølvet vere med å sikre vidare vekst og utvikling i Sogn og Fjordane.

Legg igjen et svar