Jobbane er her !
Medan diskusjonane går om kompetansearbeidsplassar og omdømme, blir det samtidig jobba jamnt og trutt for å utvikle dei miljøa vi har. Nett no er det ledig to kjempegode og viktige jobbar i finansmiljøet i Førde. Gjensidige Bank søkjer etter direktør for nettbanken sin, og Aud Ingrid i Fjord Invest Management søkjer etter ein kollega med leiar- og styreerfaring som også blir tilbydd partnerskap i selskapet.
Eg er så heldig å ha fått lov å følgje utviklinga i båe disse verksemdene på nært hold og veit kor mykje arbeid det er å utvikle slike nyetableringar til lønnsame og stabile arbeidsplassar. Difor er det ekstra gledeleg å sjå resultata og konstatere at vi gjennom samarbeid med andre aktørar og dyktige tilsette i dag kan tilby slike jobbar i fylket vårt. Den største utfordringa er faktisk å finne dei rette personane. Det har det vore så langt, det vil det også vere i framtida. Både Gjensidige Bank og Fjord Invest er komne dit dei er i dag fordi ein så langt har klart akkurat den jobben.
Men det stoppar ikkje med det. Vi må ha fleire dyktige folk. Vi må fyrst og fremst ha fleire dyktige leiarar. Då nyttar det ikkje berre å flytte dei mellom eksisterande verksemder. Vi må finne nye talent. Nokon utviklar vi sjølve, som Hallvard som blei nominert blant 10 på topp av unge leiarar sist veke. Men vi må også få andre som vil satse og utvikle seg i fylket. Er du ein av disse sjølv, eller veit du om nokon? Vil du vite meir?
Her er linken til annonsene :
Kanskje finn vi kandidatar på jobbmessene til Framtidsfylket, som startar i Oslo på måndag. Eg gledar meg til å sjå mange av dokke der. Kanskje burde vi med utgangspunkt i Framtidsfylket utvikla eit profesjonelt rekrutteringsselskap i fylket? Det er litt synd at vi ikkje har eit lokalt alternativ men må til Bønes Virik i Bergen for å få hjelp til å rekruttere kompetente folk til eige fylke.
Eg håpar på mange gode søkarar både til Fjord Invest og Gjensidige Bank!
