Heilt Kongle

 

Foto Almenning

Foto Almenning

Etter godt og vel eit år i Sparebanken Sogn og Fjordane, og like lenge som Kongleriketansvarleg i Gloppen, har eg gjort meg opp nokre tankar om banken sitt engasjement mot dei yngste kundane våre. Eg er sjølv mamma til 3 små viltre krabatar som kvar dag skal aktiviserast og fylgjast opp, gjerne få tilført ein porsjon sunn fornuft og forhåpentlegvis bli oppdregne til skikkelege folk.

 

 

Å seie at Kongleriket er ein viktig del av barneoppdragelsen er nok å dra den litt vel langt, sjølv for ein ihuga tilhengjar som meg sjølv, men viktig å ha ein bank som engasjerer seg, og som ynskjer å vere noko meir enn berre ein bank. Kongleriketkonseptet byggjer på det eg vil kalle sunne verdiar; skape gode opplevingar for born og foreldre. Vi vil ha dei ut i naturen, aktivisere dei og utfordre nysgjerrigheita og kreativiteten i dei. Fokuset skal ligge på sjølve opplevinga, og ikkje nødvendigvis på det å få noko. Det er det vi ynskjer skal vere sjølve essensen i Kongleriket.

Det er ganske nøyaktig 2 år sidan konseptet Kongleriket blei introdusert for kundane våre, og sidan den gong har det vore mange Konglearrangement rundt om i heile fylket. Kreativiteten til oss tilsette har òg vorte sett på prøve meir enn ein gong, men eg dristar meg til å seie at resultat så langt har blitt ganske så bra. Ikkje berre takka vere oss banktilsette, men òg takka vere dei god sponsorsamarbeida vi har. Med fleire av idrettskrinsane på laget har aktivitetsnivået vore høgt mange stadar – året rundt – med Konglerebus, Kongleskicross, Kongleorientering, Konglevandring og mykje, mykje meir. Heilt kongle! Seier eg.

Og 2010 skal ikkje bli noko dårlegare år! For når det kjem til stykket er det gode opplevingar og artige episodar som betyr noko, minner ein kan ta med seg vidare og som ein både undervegs og i ettertid set pris på. I tillegg til dei ulike aktivitetane Kongleriket har rundt omkring i fylket, har vi det vi har kalla Kongleveker. Gjennom Konglevekene ynskjer vi å gjere sparing til noko kjekt. Det å kome i banken skal vere ei positiv oppleving som både oppfordrar til meir sparing og som ufarleggjer dette med bank og økonomi. Vi skal rett og slett kose oss!

I 2010 blir det to kongleveker, der den fyrste går av stabelen allereie 22.- 26.februar. Desse vekene ynskjer vi òg å bevisstgjere born på områda miljø og helse. I tida som kjem vi til å få på plass fleire aktivitetar og interaktivitet rundt sparing og det å lære seg verdien av pengar. Vi ønskjer gjennom gode opplevingar og barnevennleg økonomifokus, å vere med å ta ansvar og leve opp til visjonen vår om å vere ei drivkraft for fylket, – også for dei minste.

Og sjølv om det er vi som foreldre som lyt ta dei harde kvardagskampane og syte for at ungane våre blir ”skikkelege folk”, vil banken gjerne hjelpe til og legge til rette. Og som med så mykje anna gjeld det å begynne tidleg.

Legg igjen et svar